Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Grafisk profil

Grafisk profil

Det skal lagast ein visuell identitet for Ålesund kommune.

Midlertidig grafisk profil

Det er laga ein mellombels grafisk profil for Ålesund kommune, som skal brukast inntil ny profil blir vedtatt. Denne inneheld òg retningslinjer for generell bruk.

Den mellombelse grafiske profilen er tatt i bruk på nettsidene, fellesannonsa, brosjyrar og i presentasjonar.

Det er Kommunikasjon og trykkeri som forvaltar profilen. For meir informasjon ta kontakt med kommunikasjonssjef Christine Rørvik.

Ålesund sitt kommunevåpen

Kommunevåpenet til Ålesund kommune symboliserer fiske og sjøfart, og er særprega med sine tre tårn i murkrona på toppen.

Kommunevåpenet blei brukt som byvåpen for gamle Ålesund kommune. Det blei først godkjent ved kongeleg resolusjon 1. april 1898. Dette blei vedtatt som nytt kommunevåpen for Ålesund frå 2020, etter samanslåinga av kommunane Haram, Skodje, Sjøholt, Sandøy og Ålesund. Vedtaket blei gjort på det konstituerande møtet til det nye kommunestyret, 24. oktober 2019.  

Sunnmørsk motiv

Motivet symboliserer fiske og sjøfart, og er slik eit tidlaust og kulturhistorisk symbol for historia til regionen.

Kommunevåpenet er teikna av Andreas Bloch (1860-1917) og viser ein typisk sunnmørsbåt frå 1700-talet, ein "fjæringfar" - ein båt med fire par årar. 

Motivet er ei stilisering av ei teikning frå skriftene til presten Hans Strøm. Mellom anna plasserte Andreas Bloch tre torskar i bølgjene. Dette hadde ei klar historisk forankring: I Ålesund vart nemleg ein einsleg torsk lenge bruk som kjennemerke på politiskilta i byen. Politiskilta med torsken fungerte som ein slags forløpar til byvåpenet.

Eit anna særpreg ved Ålesund sitt byvåpen er murkrona på toppen. Denne har tre tårn, i pakt med den europeiske tradisjonen på den tida, med at hovudstaden skulle ha krone med fem tårn, bispebyer fire og andre byar tre.

Dette byvåpenet er det eldste som vart godkjend ved kongeleg resolusjon som kommunevåpen i Noreg, til byen sin 50 års-jubileum i 1898.

Til toppen