Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Skarbøvik ungdomsskole

Skarbøvik ungdomsskole

Klikk for stort bildeSkarbøvik ungdomsskole ligg heilt vest i Ålesund kommune, om lag 3 kilometer frå sentrum.

Satsingsområde

Skarbøvik ungdomsskole er utpeikt som fokusverksemd av fylkesmannen si utdanningsavdeling. Dette inneber eit samarbeid med Norsk senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Vi har ei innføringsklasse der elevane blir delte inn i to grupper, avhengig av norskkunnskapane.

Gruppene på nivå 1 og 2 følger kompetansemåla i læreplanen i grunnleggande norsk for språklige minoritetar. I tillegg får elevar som følger nivå 3 i læreplanen eit tilbod om særskilt norskopplæring. Læreplanen i grunnleggande norsk blir brukt som ein overgangsplan til elevane har tilstrekkeleg norskkunnskapar til å følge ordinær undervisning. Kartlegging, underveisvurdering og konferansetimar er med i evalueringa om når eleven går over til læreplanen i norsk.

Elevane deltar i matematikkundervisning i ordinær klasse. Nivå 1 har flest timar norsk i innføringsklassen, medan nivå 2 også må delta i flest mogleg fag i ordinær klasse. Elevar tilknytt innføringsklassen får også tilbod om ekstra matematikkundervisning.

Helse og velferd

Sosialpedagogisk team

Sosiallærar Rita Linge Marcelli ( tlf. 70 16 50 84) og rådgivar Thomas Alvik ( tlf. 70 16 50 83) utger det sosialpedagogiske teamet ved skolen.

Rådgivaren arbeider m.a. med yrkesorientering og overgang til vidaregåande skole, medan sosiallæraren  har eit spesielt ansvar for spesialundervisning. Saman har dei to sosialpedagogane eit særleg ansvar for elevanes sin trivsel og den sosiale tilpassinga deira i skolen.

Dersom din elev vantrivest på skolen eller opplever at forhold i heimesituasjonen utviklar seg slik at det får betydning for skolegangen, er de velkomne til å ta kontakt med sosialpedagogane.

Miljøteam

Miljøteamet kan bistå elevar, lærarar og foreldre i spørsmål som omhandlar «ungdomsproblematikk». Dei tilbyr aktivitetar som friluftsliv, matlaging, fysisk trening, sosiale grupper og PMTO (foreldrerådgiving).

Teamet samarbeider aktivt med lærarane på skolen og då særleg kontaktlærar, rådgivar, sosiallærar og helsesjukepleiar.

Miljøteamet er underlagt teieplikt, men i saker som omhandlar fare for liv og helse har teamet plikt til å informere rett instans om dette.

Skolehelsetaenesta

Skolehelsetenesta

Kontakt

Telefon

  • Sentralbord: 70 16 50 80
  • Rektor Vidar Åkre: 70 16 50 81
  • Inspektør: 70 16 50 82

Nettside: alesund.kommune.no/skarbovik-ungdomsskole

Til toppen