Spjelkavik ungdomsskole

Spjelkavik ungdomsskole

Spjelkavik ungdomsskole er ein ungdomsskole for elevar frå Lerstad, Åse og Spjelkavik. Skolen blei bygd i 1973. Den ble "nyopna" hausten 2015 etter utbygging og rehabilitering. Skolen framstår no med nye og moderne lokale.

Skoleåret 2020-21 har vi 452 elevar og 61 tilsette, og er den største ungdomsskolen i Ålesund. Vi er organisert med 5 klasser på 8, og 6 klasser på og 9.trinn og 10. trinn. Skolen har rektor, assisterande rektor, inspektør, administrativ konsulent og tre avdelingsleiarar. 

Spjelkavik ungdomsskole er mottaksskole for språklege minoritetar. Elevane følger eigen læreplan og er fordelt på nivå 1, 2 og 3 i grunnleggande norsk.

Skolen er pilotskole for utprøving av iPad i undervisninga. Skolen har styrt mobilbruk, og er ein innesko-skole.

Skoledagen

Skoledagen startar kl. 08.30 og sluttar kl. 14.20 kvar dag.

Starttimen varer i 15 minutt, elles er undervisningsøktene på 45 minutt.

Matfriminuttet varer frå 11.20-11.45. Då kan elevene ete medbragt matpakke, eller kjøpe mat i kantina. Vi har eit samarbeid med Brisk om drift av kantina. Vi har også moglegheit for bestilling av meieriprodukt for elevar gjennom Skolelyst.no.

Helse og velferd

Vi har rådgivar og sosiallærar ved Spjelkavik ungdomsskole.

Skolehelsetenesta

Skolereglar

Vi har alle eit ansvar for å skape ein god skole. På skolen er det mange elevar og lærarar som saman skal skape ein god arbeidsplass. Gjir difor ditt for at alle skal trivast, og ver med på å halde det fint og ryddig rundt deg. 

  • Vi viser hensyn og respekt for kvarandre.
  • Vi held arbeidsro i timane.
  • Vi bidreg aktivt til eit godt læringsmiljø
  • Vi møter presis og forberedt til timar og avtalar.
  • Vi tar med nødvendig utstyr til timane.
  • Vi held skoleområdet reint og ryddig.
  • Vi tar godt vare på alt som tilhøyrer skolen, både ute og inne.

Nokre viktige oppførselsreglar

  • Vi oppfører oss hyggeleg mot kvarandre på skolen. Banning, truslar, utskjelling, slåsting og mobbing kan ikkje aksepterast.
  • Rusmiddel, tobakk og snus skal ikkje takast med eller brukast i skoletida.
  • Farlege redskap som kan brukast til å utøve skade på andre, skal ikkje takast med på skolen.
  • Plagiat¹ og fusk er ikkje tillate.
  • Elevene skal ikkje forstyrre undervisninga eller læringsarbeidet i timane. 
  • Skolen sitt utstyr skal ikkje øydeleggast.
  • Snøballkasting og liknende leik med snø er kun tillate på anvist område etter avtale. 

Nokre viktige ordensreglar

  • Elevane skal vere på skolen sitt område i skoletida. I matpausen kan elevane forlate skoleområdet. Rektor kan endre denne moglegheita. 
  • Ved fråvær skal føresette melde frå til skolen. Anna fråvær blir rekna som ugyldig. 
  • Ete og drikke gjer vi ei pausar (spesielle avtalar blir innvilga). Dette skjer på klasserommet eller i kantineområdet. Det blir sett av tid i matpausen til å ete på klasserommet. Glassflasker og energidrikk er ikkje tillate i skoletida. 
  • Avfall skal kastast i søppelbøtter.
  • Rullebrett, rulleskøyter, sparkesykkel og ballar skal brukast ute.
  • Det er ikkje lov å sykle eller å køyre moped på skoleområdet i skoletida. Parkering av moped på skolen sitt område skal avtalast med skoleadministrasjonen.
  • Privat elektronisk utstyr skal til vanleg ligge avslått i sekken i timen, unntatt etter spesiell avtale med lærar. Mobiltelefonar skal ligge på anvist plass heile skoledagen, f.eks. mobilhotell. 
  • Dersom elevar tar med elektronisk utstyr eller verdisaker på skolen, skjer dette på eige ansvar. 
  • Det er ikkje lov å vere inne på klasseromma i friminutta utan spesiell avtale.
  • I pausene kan elevane opphalde seg på eige trinnområde eller i fellesområdet ved amfiet. Det er viktig å oppføre seg roleg og hensynsfullt. 
  • Spjelkavik ungdomsskole er ein "innesko-skole"

Når gjeld reglane?

Skolenreglane gjeld i skoletida samt på veg til og frå skolen, inkludert skolebuss. Dei gjeld også ved arrangementpå skolen utanom vanleg skoletid og skoleturar. Skolen sine reglar gjeld også mobbing eller andre krenkingar som skjer utanfor skoletida, dersom desse skjer på grunn av skolesituasjonen eller set preg på den. Skolen har tilsyn med elevane på skolen sitt område i skoletida. 

¹ Med plagiat reknar ein her omfattande kopiering av andre sine tekstar utan å oppgi kjelder.

Kontakt

Telefon

  • Kontor: 70 16 45 80
  • Lærarrom: 70 16 45 86
  • Rektor Arne D. Sunde: 70 16 45 81
  • Adminastriv konsulent : 70 16 45 82
  • Assisterande rektor: 70 16 45 83
  • Rådgivar: 70 16 45 84
  • Sosiallærar: 70 16 45 85

Nettside: alesund.kommune.no/spjelkavik-ungdomsskole

Til toppen