Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Skarbøvik ungdomsskole

Skarbøvik ungdomsskole

Skarbøvik ungdomsskole ligg heilt vest i Ålesund kommune, om lag 3 kilometer frå sentrum.

Det er ein ungdomsskole med elevar frå Aspøy og Hessa barneskole.

Skoleåret 2020-21 har Skarbøvik ungdomsskole 230 elevar, organisert med  3 klassar på kvart av trinna.

Personalet er på til saman 27 personar, organisert med rektor og assisterande rektor, merkantilt tilsett, rådgivar, sosiallærar, lærarar, assistentar og ein miljøterapeut.

Organisering av skoleveka

Skuledagane startar kl. 08.30 kvar dag og sluttar kl.14.25 måndag, onsdag, torsdag og kl.13.20 tysdag og fredag. Undervisningsøktene er på 60 minutt.

Satsingsområde

Saman for elevane

Skarbøvik ungdomsskole er ein samansett og spannande skule med eit sterkt fokus på mangfald. Vi har ni ulike klasser fordelt på tre trinn der alle elevane våre har forskjellig utgangspunkt og mål for korleis deira skulekvardag skal vere hos oss. Derfor er vår visjon at elevane, ut i frå sine forutsetningar, skal «ha moglegheit til å nå så langt de kan».

Vår profesjonalitet er definert på bakgrunn av vår faglege kompetanse og relasjonskompetanse, og er såleis avgjerande for i korleis grad vi lykkes i arbeidet med elevane. Vi har som målsetting at vi skal være den beste skolen vi kan være for våre elever til ein kvar tid. Derfor samarbeider vi tett med skolens elevråd og FAU, som har som mantra at dersom elevane trivest er det større sjanse for at de lykkes med å nå sine mål. Ei personleg tilnærming der dei ansatte ser elevane, og et elevmiljø der elevane opplever at de kan være den de er, skaper en god skolekvardag for elevane våre.

Å sjå elevane er ei sjølvfølgje , men å sjå elevane med «det gode blikket» er å gjere ein forskjell. Vi ønsker å gjere ein forskjell.

Viktigast av alt er at vi står saman for elevane.

Helse og velferd

Sosialpedagogisk team

Sosiallærar Rita Linge Marcelli (tlf. 70 16 50 84) og rådgivar Hany Suleiman ( tlf. 70 16 50 83) utgjør det sosialpedagogiske teamet ved skolen.

Rådgivaren arbeider m.a. med yrkesorientering og overgang til vidaregåande skole, medan sosiallæraren  har eit spesielt ansvar for spesialundervisning. Saman har dei to sosialpedagogane eit særleg ansvar for elevanes sin trivsel og den sosiale tilpassinga deira i skolen.

Dersom din elev vantrivest på skolen eller opplever at forhold i heimesituasjonen utviklar seg slik at det får betydning for skolegangen, er de velkomne til å ta kontakt med sosialpedagogane.

Miljøteam

Miljøteamet blir leda av miljøterapeut Pål Silseth (mob.nr: 951 5 68 50)

Miljøteamet har ein låg terskel for å arbeide med ulike utfordringar som elevane har.

Teamet samarbeider aktivt med lærarane på skolen og då særleg kontaktlærar, rådgivar, sosiallærar og helsesjukepleiar.

Skolehelsetaenesta

Kari Førde Moen er  helsesykepleier på skolen vår, og hun er her 2 dager i uken.
Telefonnr: 70164320/mob.nr: 40805892
E-post: kari.forde.moen@alesund.kommune.no

Lise Herjuaune er flyktningehelsesøster på skolen vår.
Telefonnr: 70164334
E-post lise.herjuaune@alesund.kommune.no

Skolehelsetenesta

Kontakt

Telefon

  • Sentralbord: 70 16 50 80
  • Rektor Vidar Åkre: 70 16 50 81
  • Assisterende rektor Janne Lervåg: 70 16 50 82

Nettside: alesund.kommune.no/skarbovik-ungdomsskole

Til toppen