Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Kolvikbakken ungdomsskole

Kolvikbakken ungdomsskole

Ungdomsskole for elevar frå Hatlane, Volsdalen og Larsgården barneskolar.

Skolebygget på Nørve (bildet) skal rivast og ny skole skal byggast. I byggeperioden er heile skolen flytta til gamle Ratvikåsen skole på Hatlane. Nytt skolebygg skal stå klart til oppstart fra høsten 2022.

Skoleåret 2021-22 har Kolvikbakken ungdomsskole ca 400 elevar, organisert med 5 klasser på 8. trinn, 5 klasser på 9. trinn og 5 klassar på 10.trinn.

Personalet er på til saman 53 personar i ulike stillingsstørrelsar, organisert med rektor og ass.rektor, tre avdelingsleiarar, spesialpedagogisk koordinator og rådgivar. Skolen har to miljøterapeutar.

Kvart trinn organiserer i stor grad eigen aktivitet og samarbeider om fag og planar.

Organisering av skoleveka

Skoledagane startar kl. 08.30 kvar dag og sluttar kl.14.20 måndag, tirsdag, torsdag og kl.13.50 onsdag og 13.20 på fredag. Undervisningsøktene er på 60 minutt.

Første friminutt kvar dag er på 15 minutt, og i denne pausen blir elevane oppfordra elevene til å ete medbrakt frukt/matpakke. Lunsjpause er ifrå 11.50 – 12.15.

Satsningsområde

Vi vil arbeide for ein skole som kan førebu elevane for vidare læring og gode vaksenliv gjennom vektlegging av eit godt miljø for læring og utvikling.

Skolens visjon: «Sammen bygger vi kompetanse for framtida»

Prinsipp som stimulerer til læring:

  • Trygge og gode relasjoner
  • Samarbeid
  • Varierte læringsaktiviteter
  • Gode mestringsopplevelser
  • Vurdering for læring
  • Elevmedvirkning

Skolen legg vekt på bruk av læringsstrategiar og har fokus på "Vurdering for læring" og god klasseleiing i utvikling av gode metodar for opplæring.

Bruk av IKT i opplæringa står sentralt, og digital kompetanse skal inngå i alle fag.

Helse og velferd

På Kolvikbakken ungdomsskole har vi:

  • Rådgivar: Tove Lorgen
  • Barne- og ungdomsarbeidar: Mariann Nikolaisen
  • Miljøterapeutar: Torunn Klauseth, Katrine Ruth Overå
  • Spesialpedagogisk team: Består av rådgivar, spesial pedagogisk koordinator og avdelingsleiarar.
  • Sosialpedagogisk team: Består av rådgivar og miljøterapeutar, skolehelsesjukepleiarar og leiast av ass.rektor.
  • Leiargruppa: Består av avdelingsleiarar, ass. rektor og rektor.

Skulehelsetjenesta:

Informasjon til skole og foresatte

Helsesykepleier jobber sammen med ungdom, skole og foreldre for å bidra til at elevene har et godt fysisk og psykososialt miljø på skolen.

Målet er å fremme helse, trivsel og læring hos ungdommen.

Vi er to helsesykepleiere som er knytt opptil Kolvikbakken ungdomsskole.

Kari Førde Moen og Maria Birthe Nerem

Det er mulig å ta kontakt med oss helsesykepleiere på tlf eller mail om ønskelig.

Helsesykepleier har trefftid på skolen hver uke. Mange ungdommer benytter seg av tilbudet og det er mange ulike tema som bringes fram.

Helsesykepleier har taushetsplikt. Dere foreldre er viktige for ungdommen og helsesykepleier vil ta kontakt hjem ved behov.

HELSEYKEPLEIER HAR TREFFTID

MANDAG–TIRSDAG-ONSDAG-TORSDAG

Kari: mobil: 40 80 58 92

Mail: kari.forde.moen@alesund.kommune.no

Maria Birthe mobil: 40 91 39 86

Mail: maria.birthe.nerem@alesund.kommune.no

8.klasse

Individuell helsesamtale med helsesjukepleiar. Tema helsesamtalen vil omhandle er: trivsel heime og på skulen, helseplager, kosthold, søvn, fysisk aktivitet, tannhelse, tobakk/ rus, pubertetsutvikling, seksualitet m.m. Eleven vert tilbudt måling av høgde og vekt.

9. klasse

  • Samlivsundervisning/seksualitetsundervisning

10.klasse

  • Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. 

I tillegg vil helsesjukepleiar bistå i undervisninga retta mot psykisk helse (Livetogsann.no), og i eventuelt andre helserelaterte tema i tråd med skulen sitt behov.

Helsesjukepleiar jobbar saman med ungdommen, skulen og foreldre/foresatte for å bidra til at elevane har eit godt fysisk og psykososialt miljø. Helsesykepleier gir individuell rådgivning og rettleing til elevar og/ eller foreldre/foresatte innan helserelaterte tema. På ungdomsskuletrinnet kan elevane oppsøke helsesjukepleiar utan at foreldre/foresatte nødvendigvis får tilbakemelding om det.

Elevar/ foresatte/foreldre er velkomne til å ta kontakt med helsesjukeplaiar. Helsesjukepleiar har teieplikt.

Helsesjukepleiar er til stades på Kolvikbakken mandag til torsdag og annankvar fredag.

Skolereglar

Ved Kolvikbakken ungdomsskole må elevane skru av mobiltelefonane når skoledagen startar, deretter blir desse låst inn i eigne skap. Mobiltelefonane blir utlevert igjen når skoledagen er over.

I løpet av skoledagen styrer den enkelte faglærar om mobiltelefonen skal hentast ut for å brukast i konkrete pedagogiske opplegg.

Kolvikbakken ungdomsskole skal vere ein trygg og triveleg arbeidsplass for alle, der du viser høflegheit, vennlegheit og omtanke. Slik er ordensreglane eit hjelpemiddel i etisk rettleiing, samtidig som dei er skolen sitt ”lovverk”.

Om orden og oppførsel:

  1. Møt førebudd og presis til timane. Sørg for god orden i skole- og heimearbeid.
  2. Hald det fint og ryddig rundt deg. Ta vare på eigne og andre sine eigedelar, skolebygning, inventar og utstyr.
  3. Opptre hensynsfullt. Mobbing og anna form for plaging blir ikkje akseptert.
  4. Gjer ditt til at det er eit godt læringsmiljø med arbeidsro og orden.
  5. I friminutta held du deg innanfor skolen sitt område, med mindre du har fått spesielt løyve til å gå utanom.
  6. Det er ikkje tillate å ta med eller bruke energidrikk, tobakk, snus og rusmiddel av noko slag på skolen og skoleområdet, i skoletida eller ved arrangement skolen står for, - det same gjeld for gjenstandar som kniv, våpen (og våpenkopiar) eller anna som kan medføre fare.
  7. Sykkel skal plasserast på sida av modulbygget eller på anvist plass inne på skolen sitt område.
  8. For å unngå skade er sykling og mopedkøyring på skolen sitt område ikkje lov i friminutta. Snøballkasting er lov kun mot oppsett blink.
  9. Rullebrett og -skøyter kan brukast når forholda er lagt til rette for det, men aldri inne i bygget. Privat elektronisk verktøy kan etter avtale med lærar brukast til pedagogisk arbeid, men skal elles vere avslått og borte fra pulten i timane.

Ved brot på reglane:

  • Anmerkning, melding til heimen, gjensitting, eigna teneste/arbeidsoppgåve/reparasjonar.
  • Bortvising i inntil 3 dagar ved alvorleg eller gjentatte brot på reglementet. (Opplæringsl. §2.10)
  • Nedsetting av karakter for orden og/eller oppførsel.
  • Tidsbegrensa beslag av gjenstandar som, trass forbod, blir brakt med til skolen, eller som ved misbruk står i strid med reglane ovanfor, f.eks. mobiltelefon.

I situasjonar der sikkerheit for andre elevar og personale blir trua på ein slik måte at det vil vere uforsvarleg i forhold til det ansvaret  kommunen har som skoleeigar og arbeidsgivar, kan elevar bortvisast slik det går fram av Opplæringslovens § 2-10.

Ved spørsmål om bortvising i slik samanheng, drøftar rektor saka med rådmannen med sikte på å finne løysingar som sikrar eleven sin rett til opplæring samtidig som omsorg for personalet blir ivaretatt. Det blir umiddelbart etablert kontakt med andre faginstansar det er naturleg å samarbeide med.

Framgangsmåte ved brot på reglane:

  • Eleven skal ha rett til å forklare seg munnleg før det blir gjort bestemming om refsingstiltak.
  • Bortvisning frå undervisning blir avgjort av rektor etter samråd med eleven sine lærarar. Før det blir fatta vedtak om utvising, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe-eller refsingstiltak som ordensreglementet gir adgang til.

Orientering om erstatning  og erstatningsansvar:

  • Skolen (kommunen) er som hovudregel ikkje ansvarleg for elevenane sine eigedelar som blir stolne, kjem bort eller blir skada/øydelagt.
  • Føresette kan likevel søke kommunen om rettferdsvederlag. Spesielle reglar.
  • Skade på eller tap av briller/høyreapparat blir erstatta etter eigne reglar.
  • Skulle du (elev) kome til å skade skolen sin eigedom eller ting som høyrer andre til, skal du straks gi beskjed til lærar, kontaktlærar eller til kontoret om kva som har skjedd. Du kan bli erstatningspliktig for det som blir øydelagt.
  • Foreldre har objektivt ansvar for dei skader barna har skuld i og kan bli erstatningsansvarleg for eit beløp begrensa oppover i samsvar med gjeldande reglar.
  • Tapte eller øydelagte bøker må erstattast. Nye bøker fullt ut, andre bøker med halvparten av ny pris.

Skolen sitt område

I skoletida skal du halde deg innanfor skolen sitt område om ikkje anna er

Adgang til å gå utanfor skolen sitt område: 

Dersom du går utanfor skolen sitt område utan løyve, vil det medføre at du ikkje er forsikra dersom du skulle komme til skade. Difor: Avtal alltid med lærar dersom du har behov for å gå utanfor skolenområdet/skolen sitt utvida område.

Elevarrangement: Skal godkjennast av skolen. Forespørsel skal leggast fram for rektor eller den rektor gir myndigheit, i god tid før eit eventuelt arrangement.

Kontakt

Telefon

  • Sentralbord tlf: 70 16 32 80
  • Rektor Eirik Tvedt Holmelid: 70 16 32 81
  • Ass.rektor Harald Overvoll: 70 16 32 82
  • Avdelingsleiarar 8., 9. og 10. trinn: 70 16 32 83

Nettside: alesund.kommune.no/kolvikbakken-ungdomsskole

Til toppen