Blindheim ungdomsskole

Blindheim ungdomsskole

Blindheim ungdomsskole er ein ungdomsskole med elevar fra Blindheim, Flisnes og Emblem barneskole. 

Blindheim ungdomsskole har om lag 380 elevar fordelt på 15 klasser.Skolen har ca 45 tilsette, og er organisert i trinn, med ein avdelingsleiar på kvart trinn. Skolen har eige bibliotek og datarom. I friminutta og i midttimen er kantina open for elevane.

Skolen ligg landlig til, med kort veg til både fjell og sjø.

Skolen nyttar seg av Blindheimshallen til kroppsøving. Ein har også tilgang til kunstgrasbaner, grasbane, sandvolleyballbaner og sandhandballbaner.

Skolereglar

Hensikta med ordensreglane er å skape eit trygt og triveleg arbeidsmiljø for alle på skolen, både elevar og vaksne. Det er eit ansvar for den enkelte å følge ordensreglane slik at vi kan nå desse måla.

Rettigheiter

  • Som elev ved Blindheim Ungdomsskole har du rett til å tilegne deg kunnska, ferdigheiter og gode haldningar i eit trygt og positivt miljø.
  • Du har rett til tilpassa opplæring
  • Du har rett til å ferdast i eit miljø som arbeider aktivt mot mobbing
  • Du har rett til ein plass blant kameratar, lærarar og andre på skolen, og rett til å bli behandla med respekt av desse.
  • Du har rett til å disponere gratis lærebøker og skolemateriell

Plikter

For at vi skal kunne ivareta rettigheitene dine ved skolen, er det viktig at du også påtar deg dei pliktene som følger med.

Ein del av desse pliktene finn du att i skolen sine ordensreglar, andre får du gjennom andre reglar og ansvarsordningar på skolen eller på teamet.

Ordensreglar for Blindheim ungdomskole

  1. Vis fin framferd mot elevar og vaksne i skoletida og på vegen til og frå skolen.
  2. Møt presis og forberedt. Du har ansvar for å ha med deg det utstyret som du treng i undervisninga. Du har ansvar for å ta vare på det utstyret du låner.
  3. Alle på skolen skal arbeide for at ingen ved Blindheim ungdomsskole blir mobba. Du har ansvar for å seie frå til ein vaksen dersom du ser at nokon blir mobba.
  4. Du har medansvar for at skolen og skoleområdet er fint og ryddig. Du skal aktivt vere med å hindre hærverk, tagging og rot på skolen og skoleområdet.
  5. Du må rette deg etter pålegg fra dei tilsette.
  6. Du må halde deg innanfor skolen sitt område i skoletida dersom du ikkje har fått løyve til noko anna. I midttimen kan du forlate skolen.
  7. Mobiltelefon og anna elektronisk utstyr skal vere avslått eller lydlaus i timane og ligge i sekken eller jakkelomma. Læraren kan tillate at du bruker utstyret.
  8. Det er ikkje tillate å ta bilde, film eller lydopptak av andre personar ved skolen utan løyve frå den det gjeld.
  9. Det er ikkje tillate å ha med eller bruke farleg utstyr som for eksempel fyrverkeri eller våpen på skolen.
  10. Det er ikkje tillate å ha med eller bruke tobakk/snus og rusmiddel i skoletida eller ved turer og arrangement som skolen står for utanfor skoletida.
  11. Elevene skal rette seg etter de nasjonale smittevernsreglene som er gjeldene til enhver tid.

Helse og velferd

Skolehelsetenesta

Kontakt

Telefon 

  • Sentralbord: 70 16 42 20
  • Rektor Harald Eidsaa: 70 16 42 21
  • Ass. rektor Hallgeir Buset: 70 16 42 24
  • Avdelingsleiarar: 70 16 42 20
  • Rådgivar:70 16 42 23
  • Sosiallærar: 70 16 42 20

Nettside: alesund.kommune.no/blindheim-ungdomsskole

Til toppen