Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Brattvåg barneskule

Brattvåg barneskule

Klikk for stort bildeBrattvåg barneskule er ein fin og moderne skole.

Dysleksivennleg skole

Brattvåg barneskule er ein dysleksivennleg skole.

Pedagogisk plattform

Visjon: Ein god skule for alle.

Motto: 

  • I same båt
  • Lære - bry oss - samarbeide

Hovudmål

På Brattvåg barneskule skal vi ha eit godt og trygt læringsmiljø

  • som er tilpassa den enkelte og som gjennom inkludering og medansvar fremjer fagleg utvikling og meistring.
  • der alle viser respekt, anerkjenning og omsorg for kvarandre og der alle skal oppleve trivsel og utvikle god sosial kompetanse.
  • der alle skal oppleve personleg utvikling og modning i fagleg og kulturell samhandling med andre.

Elevsyn

  • alle er unike og spesielle - men likeverdige.
  • alle skal ha like høve til å utvikle evnene sine individuelt og i samhandling med andre.
  • vi utviklar oss ved å bli sett, anerkjent og respektert.

Læringssyn

  • vi lærer best i eit trygt og inkluderande skolemiljø som stimulerer til lærelyst, medverknad og fellesskap
  • vi lærer gjennom ulike strategiar og varierte arbeidsmåtar på ulike arenaer.
  • læring blir fremja gjennom dialog og refleksjon omkring meistring og eigne føresetnader.

Kjenneteikn

  • eit trygt, inkluderande og mangfaldig læringsmiljø prega av gjensidig respekt og anerkjenning.
  • faglege utfordringar og meistringsopplevingar.
  • eit godt samarbeid mellom skule og heim.
  • gode kulturopplevingar og kulturaktivitetar.
  • aktive elevar med reell medverknad.
  • tydelege og engasjerte vaksne.
  • ei inkluderande leiing.
  • eit hensiktsmessig og tiltalande fysisk miljø

Ordensreglement

 

Leksehjelp

Dette er ei ordning som gir alle elevane på 5. – 7. trinn rett til gratis leksehjelp (jf. Opplæringslova § 13-7a og Føreskrift til opplæringslova § 1A-1). Føremålet med leksehjelpa er å gi elevane støtte til læringsarbeidet.    

Leksehjelpa vert organisert trinnvis på dei respektive trinnareala kvar tysdag (14.30 – 15.30), onsdag (14.30- 15.30) og torsdag (14.30 – 15.15).

Helse og velferd

Skolehelsetenesta.

SFO

Telefon i SFO-tida: 992 28 116

Kontakt

  • Besøk: Skulesvingen 4
  • Telefon: 90 91 19 98 
  • Telefon SFO: 99 22 81 16 
  • Arb.rom tilsette: 91 37 35 75 

Nettside: alesund.kommune.no/brattvag-barneskule

Til toppen