Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Nørve barnehage

Nørve barnehage

Foto få utsida til Nørve barnehage - Klikk for stort bileteNørve barnehage er ein ny barnehage med lyse og trivelige lokale. Inne har vi blant anna atelier, jungelrom og det nyaste av leiker og materiell. Ute har vi sykkelsti, akebakke, grillhytte og eit flott kupert uteområde. Vi har også friområdet på Aksla 5 minutt unna, så skogen blir flittig besøkt.

Pedagogikk

Nørve barnehage sitt motto er «Omsorg og læring- ja takk begge deler.» Vi er opptatt av å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø, og vi vil at dagane skal vere prega av omsorg, leik og læring.

Vi ønsker at barna som går på Nørve barnehage skal oppleve den gode barndommen, og vi meiner den finst i leik, leikande samspel og gode relasjonar. Difor jobbar vi for tida med eit prosjekt om leik og vennskap. I leiken lærer barn blant anna sosial kompetanse, dei lærer å samhandle med andre, knytte vennskap, løyse konflikter m.m. Dei utviklar språket sitt både verbalt og nonverbalt og opplever glede og meistring. Difor ser vi det som ei av våre viktigste oppgåver å få alle barna med i leik og samspel saman med andre barn.

Vi jobbar også med å kvalitetssikre kvardagsaktivitetane våre, og har eigne mål og metodar for

  • Velkomst/avskjed
  • Kvile/soving
  • Påkledning
  • Samling
  • Turar
  • Måltid
  • Hygiene/stell
  • Dokumentasjon og vurdering
  • Barn sin medverknad

Det er mykje god læring som skjer i desse situasjonane, og vi ønsker at barn og foreldre skal bli møtt på ein god måte gjennom heile dagen, uavhengig av kven som er på jobb/korleis vi har det.

Elles prøver vi å legge til rette for barna sine eigne val, sjøkvstendig tenking, toleranse og medverknad. Vi jobbar også bevisst og målretta med læring av sosial kompetanse og danning.

Les meir om kvardagsaktivitetar, sosial kompetanse, danning og leik i årsplanen vår, sjå link under. Der kan du også lese om tradisjonane våre og fagleg opplegg.

Vi har forholdsvis små barnegrupper, og eit stabilt personale som har som mål å kjenne alle barna og foreldra deira. Dette skaper tryggleik og gir både barn og foreldre ein god start på dagen!

 

Avdelingar

Nørve barnehage er inndelt i tre basar:

  • Mauren: ettåringar
  • Humla: toåringar
  • Marihøna: 3 - 5 åringar

5-årsklubb

De eldste barna på barnehagen har eit eige opplegg det siste året. Vi har eit fast opplegg om bybrannen, og skoleførebuande aktivitetar om tal, mengde, preposisjonar, bokstavar og liknande. Vi øver også på å rekke opp handa, halde oss til tema, vente på tur og konsentrasjon.

Opningstider

Nørve barnehage er open kvar dag frå kl 07.00 til 17.00. 

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaften, samt planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Barnehagen held stengt veke 28 og 29 sommeren 2021. Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av året. Barna sin ferie skal vere fastsett med tilbakemelding frå foreldre/føresette innan 30. april.

Kontakt

Besøksadresse: Bøgata 39

Besøk oss gjerne på instagram : norvebarnehage

Leiar: Elin Ostnes
E-post: elin.ostnes@alesund.kommune.no

Telefon:
Styrar: 70 16 24 95
Humla: 46 86 48 34
Marihøna: 46 85 06 94
Mauren: 91 11 72 14

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/norve-barnehage

Til toppen