Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Fagerlia barnehage

Fagerlia barnehage

Foto få utsida til Fagerlia barnehage - Klikk for stort bileteBarnehagen "midt i naturen" som du finn øvst i Fagerlibakken, der turstien mot Fjellstua begynner.

Fagerlia barnehage har eiga friluftsgruppe for dei eldste barna med m.a. tretelt med straum og vedovn. Mat blir laga på eiga grue. Området har gapahuk og lavo som heile barnehagen brukar.

Bygget er stort og innhaldsrikt og gir moglegheiter for varierte inneaktivitetar. Vi har gymsal i kjellaren, som gir rom for fysisk aktivitet inne. 

Uteområdet har flott leikeplass over fleire nivå. Her har barna moglegheiter for ulike motoriske utfordringar og aktivitetar som sykling, springing, klatring og aking.

Pedagogikk

Fagerlia barnehage sitt verdigrunnlag: Vi vil gi barna tru, mot og styrke til å ta vare på seg sjølv og andre.

Vi i Fagerlia barnehage ønsker å gi barna opplevingar som gjer de styrkte til å møte utordringar også utanfor barnehagen sitt område. Vi vil gjennom leik, omsorg og danning bidra til at dei får med seg kompetanse på korleis ein skal handtere utfordringar, ha mot til å delta i gruppeaktivitetar, stå imot gruppepress og vere ein god venn. Vi skal støtte dei i utviklinga si, rose, oppmuntre, rettleie og gjere barna trygge på seg sjølv.

Vi jobbar for å ha ein barnehage der gjensidig respekt mellom alle i barnehagen er ei sjølvfølge; mellom barn-barn, mellom barn-vaksen og mellom vaksen-vaksen. Barna skal erfare at alle menneske, uansett alder og forutsetningar inngår i og bidreg til fellesskapet i barnehagen.

Vi let barna få hjelpe til i dei fleste situasjonar, og prøver å lære dei nytta av å hjelpe kvarandre. I desse kvardagssituasjonane oppnår vi mykje positivt, spesielt sosialt og språkleg, og barna lærer mykje av kvarandre.

Satsningsområda våre dette året er fagområda kommunikasjon, språk og tekst, natur, miljø og teknikk.

Vi skal i gang med Språkløypa, som er ein kompetanseutviklingspakke med mål om å styrke barnehagens daglege arbeid med barnas språklæring gjennom ulike aktivitetar. For å lukkast i arbeidet med språket til barna, er det avgjerande å implementere språk og leseaktivitetar i kvardagen. Alle barn har ein språkkvardag som er ulik andre sin språkkvardag. I barnehagen vil alle barn ha utbytte og glede av å bli inkludert i ulike språkaktivitetar. Vi kjem til å legge stor vekt på å formidle tekst, bilete, eventyr, rim og regler, ha lesestunder både for små og større grupper. Den gode samtalen vil også stå i fokus.

Barnehagen ønsker å bidra til at barna blir glade i naturen, får gode opplevingar og utviklar respekt og forståing for korleis dei skal ta vare på naturen. Avdelingane nærmar seg temaa på ulike måtar, og tek utgangspunkt i barna sine interesser, utvikling og modning. Les meir om leik, sosial kompetanse og fagområda våre i årsplanen.

Barnehagen deltek no i eit utviklingsarbeid, «Opp og Fram», der vi har fokus på relasjonar som grunnlag for barn si utvikling. Vi veit at gode relasjonar mellom barn, foreldre og personalet er fundamentet for god utvikling, også i arbeid med livsmeistring og helse.

 

Avdelingar

Fagerlia barnehage har 98 barnehageplassar fordelt på ca. 70 barn (barn under 3 år tar opp to plassar kvar), og 18 tilsette. Vi er lærebedrift og har lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget. Fagerlia barnehage oppfyller nye krav til både bemanningsnorm og pedagognorm.

I Fagerlia barnehage er barna fordelt på fire avdelingar:

På Killingen går 1-åringane og dei yngste 2-åringane. Dei held til i første etasje, og har eigen leikeplass der. Dei besøker også dei større barna sin leikeplass og skogen innimellom.

På Bukken og Geita, i hovudetasjen, går barn  som er frå 2-4 år. Fireåringane er samla to til tre dagar i veka på tvers av avdelingane, der dei har utedagar i leikeområdet i skogen og går på turar saman.

I Solstua, som er friluftsgruppa, går 5-åringane. Dei er ute heile dagen, året rundt. Dei har base i treteltet som ligg like utanfor barnehagen sitt område. Treteltet har innlagt straum og vedovn. Barna har eiga garderobe inne i barnehagen.


Opningstider

Fagerlia barnehage er open kvar dag frå kl. 07.00 til 17.00. 

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, samt inntil 5 planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Barnehagen har feriestengt uke 28 og 29 sommaren 2021.

Kontakt

Besøksadresse: Fagerlibakken 11, 6008 Ålesund
Leiar: Turid Stette
E-post: turid.stette@alesund.kommune.no

Telefon:
Killingen: 40 90 66 25
Bukken: 40 90 63 06
Geita: 40 90 62 83
Solstua: 40 90 62 82
Leiar: 70 16 28 85

Adressa til denne nettsida er: alesund.kommune.no/fagerlia-barnehage

Til toppen