Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Ellingsøy barnehage

Ellingsøy barnehage

Foto få utsida til Ellingsøy barnehage - Klikk for stort bileteEllingsøy barnehage ligg i naturskjønne omgivnader på Hoffland på Ellingsøya. Med stort og flott uteområde som gir rom for allsidig leik og aktivitetar. Med skogen, Kverveaksla, Kverve, fjøra, leikeplassar og ballbinge heilt i nærleiken har barnehagen ei unik plassering i forhold til barna sine moglegheiter til allsidig utfolding. 

Pedagogikk

Aktive og inkluderande barn og vaksne gir tryggleik og glede.

Ellingsøy barnehage skal vere ein trygg stad for alle, uansett føresetnader. Det enkelte barn skal oppleve å bli sett på som eit godt og betydingsfullt menneske. Dei tilsette er inkluderande, aktive, lyttande, støttande og er gode førebilde for barna. I vår barnehage skal leiken stå i fokus, og humor og glede er viktig for oss. 

Satsingsområde

Opp og fram

Opp&Fram er eit prosjektarbeid som blir leia av Ålesund kommune og høgskulen i Volda. Prosjektet skal heve kompetansen til personalet, og temaet for dette barnehageåret er “digital praksis”. Samfunnet vårt blir meir og meir digitalisert, og barn er fra tidleg alder av vand med å bruke bl.a nettbrett heime. Ved å arbeide med digital praksis, kan vi lære barna at digitale verktøy kan brukast til nyttige ferdigheiter, som barna kan få bruk for i framtida. Personalet skal også drøfte, reflektere og revurdere læringsprosessane frå prosjektet, slik at vi kan ta med det gode arbeidet vidare i andre prosjekt. 

FNs berekraftsmål

I vår barnehage arbeider vi med at barna skal få gode haldningar, og gode verdiar i å vere berekraftige. For at vi skal ha noko å strekke oss mot, så har FN utarbeidd 17 berekraftige mål. Ved å arbeide med desse måla i barnehagen vår, er det med på å lære barna at vi har berre ein jordklode, og at det er viktig at vi passar godt på den. Ved at barna får eit godt forhold til å vere berekraftig, er det med å skape meir berekraftige familiar.

Språkløyper

I barnehagekvardagen vår vil vi bruke meir tid på bøker, høgtlesing og samtalar. Skandinavisk barnehageforskning viser at lesing og samtalar rundt bøker har stor verdi for barn si språkutvikling. Tidleg språkutvikling er ein avgjerande faktor for når barn skal delta i leik og få sosiale relasjonar med andre barn i barnehagen. Det vil også vere til stor hjelp når barna skal begynne på skulen. Kompetanseutviklingspakkane i språkløyper presenterer ulike aktivitetar og tema som er sentrale for språkutviklinga for alle barnehagebarn. Språkløyper skal gi barnehagepersonalet meir kunnskap, verktøy og tryggleik i arbeidet med barns språk.

Årsplan Ellingsøy barnehage for 2020 -2021 (PDF, 3 MB)

Avdelingar

Barnehagen har 5 avdelingar der barna er fordelte etter alder. Vi har eiga småbarnsavdeling for dei yngste barna. Denne har også eige avskjerma uteområde. Vi har eit eige opplegg for de eldste barna.

Slik er avdelingane:

  • Silda er gruppa for dei yngste barna, 1-2 åringane. Dei har si eiga avdeling, og eigen avskjerma leikeplass.
  • Makrellen er gruppa for barna som er 2-3 år.
  • På Torsken og Seien fordeles barna som er 3- 4 år.
  • Hummeren, som er ei friluftsgruppe, er gruppa for 5-åringane. Dei held til i «Hummerhuset» som ligg på utsida av barnehagen sitt område. Dei har også si eiga grillhytte som dei disponerer. Denne gruppa er mykje ute heile året, og går på tur fleire ganger i veka. I Multihuset har dei grue med bål, der dei ofte grillar og lagar mat.

Opningstid

Barnehagen er open måndag - fredag, frå klokka 07.00 - 16.45
Barnehagen er stengt inntil 2 veker i juli. Vi er også stengt jule- og nyttårsaftan, men open i romjula.

Barnehagen si døgnrytme

Tid Aktivitet
07.00    Barnehagen opnar
07.45-08.30    Frukost
08.30-09.30    Frileik. Vi går i grupper
09.30-10.30    Aktivitetar ute/inne
11.00/11.30    Lunsj 
11.30-14.00    Sovetid for dei minste. Uteleik
14.00/14.15    Fruktmåltid
15.00    Frileik ute/inne
16.45    Barnehagen stenger

 

Kontakt

Besøksadresse: Hoffland, 6057 Ellingsøy

Styrar: Lise Randi Kalvøy
E-post: lise.randi.kalvoy@alesund.kommune.no

Telefon:
Kontoret : 70 16 51 70
Fellesrommet: 70 16 51 71

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/ellingsoy-barnehage

Til toppen