Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Skodje barnehage

Skodje barnehage

Foto få utsida til Skodje barnehage - Klikk for stort bileteSkodje barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar i Skodje sentrum. Med allsidig natur kring oss på alle kantar.

Skodje barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar i Skodje sentrum, med allsidig natur kring oss på alle kantar.

I barnehageåret 2019-2020 oppgraderte vi uteområdet våra og vi er svært stolte av resultatet. Rett utanfor gjerdet opnar det seg et hav av moglegheiter. Vi har kort vei til sjø, vi har eit flott skogsterreng med lysløype, turstiar, gapahukar, Murvika, Gomerløa og stadion i tillegg til å ligge sentrumsnært med både bibliotek, Gomerhuset, Skodje barneskule og Skodje ungdomskule  i nærområdet.

Pedagogikk

Skodje barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagen. Desse gir føringar for innhaldet og oppgåvene til Skodje barnehage.

I vår årsplan gjer vi greie for korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik, læring og danning gjennom ulike aktivitetar i kvardagen. Vi gjer også greie for verdiane våra og korleis vi jobbar for å oppfylle mandatet gitt oss gjennom Rammeplanen.

Visjonen til Skodje barnehage er: 

«Hos oss skal alle føle seg som ein positiv og ønska del av fellesskapet!»

Sjå årsplanen for Skodje barnehage 2019-20 (PDF, 3 MB)

Opningstid

 

Opningstid for Skodje barnehage har vert 06.45-17.00, men i den tida vi no er inni har vi valt å halde opent 07.15-16.45. for å ivareta smittvern på ein forsvarleg måte.

  • Barnehagen serverer frukost, lunsj og fruktmåltid.
  • Barnehagen har fokus på eit sunt og variert kosthald og serverer frukt og/eller grønsaker til alle måltid.
  • Barna får varm lunsj minst ein dag i veka.

 

Avdelingar

Barna er delt inn i 3 avdelingar etter alder. Samansetting og størrelse på gruppene vil variere frå år til år, som ein konsekvens av opptaket.

  • Lykkeliten er avdelinga for dei minste barna fødd i 2018-2019, totalt 13 barn.
  • Kråkeslottet 1 er avdelinga for dei mellomste barna fødd i 2016-2018, totalt 26 barn.
  • Kråkeslottet 2 er avdelinga for dei eldste barna fødd i 2015, totalt 12 barn.

Kontakt

Adresse: Stadionvegen 19, 6260

Styrar: Kari-Janne Risvik
Telefon: 932 84 657
E-postkari.janne.risvik@alesund.kommune.no

Telefon:

Styrar: 93 28 46 57

Lykkeliten 1 grønn gruppe: 41 71 29 34

Lykkeliten 2, orange gruppe: 94 84 09 82

Kråkeslottet 1, gul gruppe: 95 36 27 53

Kråkeslottet 2, blå gruppe: 90 28 24 41

Kråkeslottet 3, rød gruppe: 46 84 74 85                                                                                                                                                                                                                                                                                                             Denne nettsida: https://alesund.kommune.no/kommunen/alle-einingar/opplaring/barnehage/barnehagar-skodje-orskog/skodje-barnehage/                                                                                     

Til toppen