Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Prestemarka barnehage

Prestemarka barnehage

Foto få utsida til Prestemarka barnehage - Klikk for stort bilete Skodje fotoklubb Prestemarka barnehage opna i august 2014 i eit nytt bygg som har kapasitet til å drive med 120 barnehageplassar. Inneverande år brukar 79 barn 108 barnehageplassar.

Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader i Skodje sentrum. Vi har allsidig natur kring oss på alle kantar i tillegg til at nærmiljøet vårt byr på samarbeid med Skodje barnehage, barneskulen, ungdomsskulen, omsorgsenteret, Gomerhuset og Prestemarka bu- og dagsenter. Prestemarka er ein av fire barnehagar som til saman utgjer eining for kommunale barnehagar i Skodje

Vi tilbyr:

  • Eit nytt og flott ute- og innemiljø
  • Eit engasjert og stabilt personale
  • Involveringspedagogisk arbeidsmetode
  • Fokus på godt samspel mellom barn og vaksne
  • Fokus på pedagogisk dokumentasjon
  • Fokus på kompetanseheving og utvikling
  • Dagleg opningstid frå 07.00-16.30
  • Frukost, lunsj og ettermiddagsmåltid

Prestemarka barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Årsplanen vår gir oversikt over den pedagogiske verksemda, samtidig som den beskriv barnehagen sine satsingsområder.  Den seier noko om korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik og læring. Avdelingane og gruppene presenterer seg nærmare i  årsplanen. Dei fire kommunale barnehagane har også ein felles årsplandel. 

Her kan du sjå årsplanen for Prestemarka barnehage for 2020 - 21. (PDF, 3 MB)

Lov om barnehagar og Rammeplan.

Kontakt

Adresse: Nedreskodjevegen 12, 6260 Skodje

Styrar: Astrid Josefine Eide
Telefon: 48 21 21 11
E-post: astrid.josefine.eide@alesund.kommune.no

Avdeling Hakkespettane, 3 barnegrupper

Telefon
Gruppe 3: 90 71 62 85
Gruppe 4: 91 70 96 76
Gruppe 5: 91 72 17  32/ 91 70 93 76

Avdeling Knøttane, 2 barnegrupper

Telefon
Gruppe 1: 91 72 12 98
Gruppe 2: 95 16 67 68

Denne nettsida: alesund.kommune.no/prestemarka-barnehage

Til toppen