Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Årøyhaugen barnehage

Årøyhaugen barnehage

Foto få utsida til Årøyhaugen barnehage - Klikk for stort bilete Årøyhaugen  barnehage ligg til i naturskjønne omgjevnader med utsikt over fjord og fjell på Sjøholt  i Ålesund kommune.

Med allsidig natur på alle kantar, utnytter vi både skog og fjøre på vekentlege turar med barna. Vi har nær tilknyting til Ørskog skule med tilgang til symjehall og Ørskoghallen like ved. Biblioteket på Ørskog har vi også lett tilgang til og bruker dette så ofte vi har anledning.

Visjonen vår:

«Der alle stjerner får glitre»

Årøyhaugen barnehage har 4 avdelingar fordelt på små- og storbarnsavdelingar. Årøyhaugen barnehage har 72 plasser til barn i alderen 0-6 år.

Vi er ein av fem barnehagar som til saman utgjer eining for kommunale barnehagar Ålesund. 

Vi tilbyr:

  • Eit flott ute- og innemiljø
  • Eit engasjert og stabilt personale
  • Fokus på godt samspel mellom barn og vaksne
  • Fokus på pedagogisk dokumentasjon
  • Prosjektarbeid som metode
  • Fokus på kompetanseheving og utvikling
  • Dagleg opningstid frå 07.15-16.45
  • Frukost, lunsj og ettermiddagsmåltid

Årøyhaugen  barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen.

Årsplanen vår gir oversikt over den pedagogiske verksemda, samtidig som den beskriv barnehagen sine satsingsområder. Den seier noko om korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik og læring. Avdelingane  presenterer seg nærmare i  årsplanen.

Opningstid

Opningstid er måndag - fredag kl 07.15 - 16.45

Kontakt

Besøk: Årøyvegen 12, 6240 Ørskog

Telefon

  • Barnehagestyrar Tone Mittet Dahl-Ystenes: 70 16 59 57 / 940 02 252
  • Måltrosten: 902 26 746
  • Bokfinken: 902 59 086
  • Spurven: 902 52 122
  • Svala: 902 54 139

Om avdelinga skal ut på tur, er telefonen med.

Denne nettsida: alesund.kommune.no/aroyhaugen-barnehage

Til toppen