Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Lepsøy barnehage

Lepsøy barnehage

Lepsøy barnehage - Klikk for stort bileteLepsøy barnehage   

Saman skaper vi tryggleik, tillit og trivsel

Lepsøy barnehage er ein ein-avdelings barnehage. Barnehageåret 2020 -21 er det 10 barn i aldersgruppa 1-6 år i barnehagen. Gruppene deler vi i to etter alder, men vi har også samarbeid på tvers av gruppene og er mykje saman når vi er ute. Hovudsakleg er barna født i 2015-2017 på Fjell og barna født i 2018-2019 på Fjøre.

Barnehagen flytta våren 2020 inn i oppussa lokaler i same bygning som Lepsøy skule og samfunnshus. Der har vi to hovudrom – Fjell og Fjøre, samt eige hobbyrom, stor grovgarderobe og overbygd inngongsparti som vi nyttar til aktivitetar og eting utandørs.

I nærområdet har vi både skule, bibliotek, idrettsanlegg, butikk og eit stort utval turområder. Vi er mykje ute og brukar turområda gjennom heile året.

Årsplan for Lepsøy barnehage for 2020 -2021 (PDF, 3 MB)

Dagsplan

07:15 Barnehagen og SFO opnar
07:45-8.30 Frukost, barna må vere på plass til 08.15 for å rekke frokost
08:45 Morgonsamling m/dagtavle
09:00-11.00 Aktivitetar i grupper
11:00 Lunsj
Sove- og kviletid
13:00 SFO blir henta på skulen
14:00 Fruktmåltid
Frileik eller aktivitar i grupper
16:45 Barnehagen og SFO stenger

Barnehagerute 2021-2022

Opningstid er 07:15-16:45.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, samt inntil 5 planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Barnehagen har feriestengt i veke 52 (romjulsveka).

Barnehagen er stengt i veke 28+29 i 2022.

Planleggingsdagar:

  • 19. august 2021
  • 20. august 2021
  • 06. oktober 2021
  • 14. januar 2022
  • 27. mai  2022

Kontakt

Besøksadresse: 6292 Kjerstad
Telefon: 905 65 233
E-post: lepsoy.barnehage@haram.kommune.no
Denne nettsida: alesund.kommune.no/lepsoy-barnehage
Styrer: Eirin Buner Otterlei

Til toppen