Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Harøy barnehage

Harøy barnehage

Foto få utsida til Harøy barnehage - Klikk for stort bileteHarøy barnehage består av to bygg på same område, og har totalt arealkapasitet til å drive 134 plassar. Per i dag har barnehagen samla all drift i hovudbygget som var nytt i 2013.

Barnehagen ligg i fine omgjevnader på Harøy, med IP Huse-hallen som næraste nabo, der vi har tilgang til både klatrevegg og kunstgrasbane. Like ved ligg Sandøyhagen og Harøy stadion. I Sandøyhagen finn vi skule, kulturskule, bibliotek, gymsal og auditorium. Det er kort veg til fjøre og skog, og saman med foreldre er det opparbeidd et tur- og leikeområde i Mummiskogen om lag 10 min frå barnehagen. Butikk og kommunedelssenteret på Steinshamn ligg ca 20 min gåavstand unna.

Harøy barnehage er ein av tre barnehagar som til saman utgjer Nordøyane barnehageverksemd.

Harøy barnehage vert driven som avdelingsbarnehage, og størrelse på barnegrupper og fordeling av barn over og under 3 år vert tilpassa den alderssamansettinga vi til eikvar tid har i kommunedelen, og for å skape så gode pedagogiske rammer som mogleg for alle barna. Barnehageåret 2020/2021 har vi ei storbarnsavdeling med tilsaman 18 barn i alderen 3-5 år på Kamskjelet, og ei småbarnsavdeling med tilsaman 11 barn i alderen 1-3 år på Sjøhesten.

Etter nedgang i barnetal dei seinare åra, vart ei avdeling i gamlebygget bygd om til skulekjøkken for Harøy skule i 2017, og dei to andre avdelingane i gamlebygget er midlertidig stengt. Frå januar 2020 er desse avdelingane utlånt til Harøy ungdomsklubb. 

Årsplan for Harøy barnehage for 2020 -2021 (PDF, 5 MB)

Opningstid

Barnehagen sine opningstider er 7.15-16.45, og vi tilbyr lunsj og ettermiddagsmåltid.

Barnehagerute for Harøy barnehage

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, samt inntil 5 planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Barnehagen har feriestengt i veke 53 (romjulsveka)

Barnehagen har sommaropent i veke 25-30, med drift i tråd med påmeldte barn og ferieavvikling for personal.

Planleggingsdagar:

  • 13.august 2020
  • 14.august 2020
  • 14.oktober 2020
  • 08.januar 2021
  • 23.april 2021

Verdiar, innhald og satsingsområde:

Vi legg vekt på å ta vare på barnehagen sine tradisjonar, samstundes som vi ser framover, er fleksible og endringsdyktige. Vi ønsker å vere kreative og løysingsorientert. Vi har over tid lært å ha trua på oss sjølv, vere sjølvstendig og fagleg sterke, og vi legg vekt på å vere positive, engasjerte og tilstadeverande i barnehagekvardagen. 

Vi ønsker å ta barna på alvor og sjå det einskilde barnet sine behov, samstundes som vi vektlegg fellesskapet, og det å vere varme og regulerande vaksne som støtter barna si oppleving av mestring og utvikling. Vi ønsker å halde leik, humor og glede i sentrum, og legg vekt på å vere gode rollemodellar i barnehagekvardagen. 

Barnehagen vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen.

I arbeidet med implementering av Rammeplan for barnehager (2017)  har vi hatt særleg fokus på leik, vennskap og fellesskap, og kommunikasjon og språk, og satsingsområde for barnehagen er språk og sosioemosjonell utvikling. I prosjektet Opp og fram arbeider vi i barnehageåret 2020/2021 med temaet “Barn med behov for ekstra støtte”.

Årsplana synleggjere vidare korleis barnehagen omsett barnehagelova i praksis, og arbeider målretta for å sikre det pedagogiske arbeidet.

Kontakt

Besøksadresse: 6487 Harøy, Sandøy
Denne nettsida: alesund.kommune.no/haroy-barnehage

Styrar: Ingrid Huse

Tlf: 468 16 700

E-post: ingrid.huse@alesund.kommune.no

Avdeling Sjøhesten - småbarn
Telefon: 90 60 60 32

Avdeling Kamskjelet – storbarn
Telefon: 99 09 14 07

Til toppen