Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Storhaugen barnehage

Storhaugen barnehage

Foto få utsida til Storhaugen barnehage - Klikk for stort bileteStorhaugen barnehage ligg på Aspøya i nærleiken av Storhaugen friområde.

Storhaugen barnehage har lange tradisjonar på Aspøya. Vi starta opp allereie i 1950, men held no til i eit nytt bygg som stod ferdig i 2011.

Storhaugen er ei grøn lunge i byen med tre, parkområde med blomster, trapper og ei spennande utsikt frå Rundingen på toppen av området.

Pedagogikk

Storhaugen er ein kulturbarnehage inspirert av Reggio Emilia-filosofien.

Vi fokuserer på

  • Barn sin medverknad
  • Barn sine uttrykk i bilde og språk
  • Pedagogisk dokumentasjon
  • Prosjekt

På Storhaugen barnehage leitar vi etter magiske moglegheiter og spennande prosjekt.

Vi vil at barna skal

  • oppleve humor, glede og omsorg for den enkelte 
  • utvikle gode relasjonar seg imellom
  • oppleve eit trygt og inkludarende miljø
  • utvikle eige uttrykk og eigen kreativitet
  • erfare medverknad og samarbeid

Pedagogisk dokumentasjon

Vi arbeider med pedagogisk dokumentasjon av barna i prosjekt, leik og kvardagssituasjonar. Vi bruker tekst og foto i dokumentasjonane. Vi bruker dokumentasjonane saman med barna.

Foreldra kan sjå dokumentasjonane på tavlene og følge med på prosjekt og på kvardagen i barnehagen. Bilde frå kvardagen på dokumentasjonsskjerm.

Slik jobbar vi

I rammeplanen for barnehagar har vi sju ulike fagområde vi skal arbeide med. I barnehagen arbeider vi tverrfagleg slik at vi tar med fleire fagområde i same tema.

Slik arbeider vi med tema/prosjekt

  • barna er med i planlegging og vurdering av prosjekt
  • barna sine innspel og forslag i prosessen er viktige
  • vi bruker tid, ofte ein til to terminar
  • vi arbeider med små grupper, delt etter alder
  • vi legg vekt på interesse, utforsking og samarbeid med barna
  • vi dokumenterer prosessane
  • vi vil ha god kommunikasjon med barna, dette inneber aktiv lytting
  • vi reflekterer i personalgruppa om prosjektarbeidet

Avdelingar

Barnehagen har to avdelingar

  • Picasso - storbarn
  • Munch  -  småbarn

Opningstider

Barnehagen er open frå kl. 07.15 til kl. 16.45 alle virkedagar, unntatt laurdagar, julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00. Sommerferien blir avvikla i uke 28 og 29. Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av året, derav 3 skal vere samanhengande. Barna sin ferie skal vere fastsett med tilbakemelding frå foreldre/føresette innan 30. april.

Barna si opphaldstid i barnehagen er inntil 9 timar.

 

Kontakt

Besøksadresse: Storhaugen, Storhauggata 9, 6005 Ålesund

Virksomhetsleiar: Eldrid Howden

Barnehagestyrar: Torill Karlsmoen

Telefon:
Styrar: 70 16 51 50
Picasso: (storbarn) 70 16 51 51
Munch: (småbarn) 70 16 51 52
Personalrom: 70 16 51 53

Adressa til denne nettsidaalesund.kommune.no/storhaugen-barnehage

Til toppen