Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Midtbyen barnehage

Midtbyen barnehage

Foto få utsida til Midtbyen barnehage - Klikk for stort bilete

Midtbyen barnehage hadde 10 års jubileum våren 2020 og er inndelt i til saman 3 avdelingar.Barnehagen ligg idyllisk plassert i Byparken i Ålesund sentrum, rett ved foten av byfjellet Aksla og berre ein kort spasertur frå alle historiske perler i Ålesund sentrum.Avdelingane har namn etter stader i nærmiljøet: Andedammen, Kanona og Kniven. Alle er stadar som vi hyppig nyttar som turmål.

Pedagogikk

Vårt verdigrunnlag bygger på eit fokus om å verdsetje barna som subjekt, på mangfald, toleranse og raushet overfor kvarandres forskjellar.Å anerkjenne barnet som subjekt, betyr at vi skal møte barna med ei likeverdig haldning og om å sjå barnet som eit eige individ.

Vi jobbar for å skape trygge relasjonar, og samspillet mellom barn og vaksne skal vere prega av ei omsorg som inneber heider, støtte og følelsesmessig innlevelse.Gjennom dette ønsker vi at barna skal kunne både lære seg å ta imot omsorg, - men også gi omsorg til kvarandre.

Dette er eit grunnleggande utgangspunkt i utviklinga av sosial kompetanse i eit livslangt læringsperspektiv.

Med fokus på psykisk helse som mellom anna handlar om at barna må bli i stand til å ta ein annens perspektiv, og dessutan òg lære seg å forstå andres kjensler, vise omsorg og empati.

Sjå årsplan for barnehagen: 

Fokusområde

• Kvalitet i opplæring

• Sosial kompetanse / relasjonell kapasitet (barnet i sentrum)

• Språk

• Digital praksis

Avdelingar

Midtbyen barnehage er godkjent for 62 barn fordelt på 3 avdelingar.Avdelingane Andedammen og Kanona er tilrettelagt for dei minste av barnehagebarna i alderen 1-2 år og har 9 barn på kvar avdeling, og avdelingKniven er tilrettelagt for dei største barnehagebarna i alderen 3-6 år og har til saman 24 barn.

Opningstider

Opningstida til barnehagen er: 07.15 – 16.45

Barnehagen er stengt to veker på sommaren. Vi er stengde veke 28 og 29 sommaren 2021. I tillegg er barnehagen stengd julaften, nyttårsaften og bevegelege heilagdager/»raude dagar». Siste dag før påske er onsdag 31. mars. Då stenger barnehagen klokka 12.00.

Barnehagen er også stengt 5 planleggingsdagar kvart barnehageår, for barnehageåret 2020/2021 vil det vere desse datoane:

3. august. , 30.september, 4. januar, 14.mai samt ei planleggingsdag våren 2021 som har open dato enno.

Dagsrytmen

Grov oversikt over dagsrytme i barnehagen:

Midtbyen barnehage

Midtbyen barnehage
Klokkeslett Andedammen og Kanona Kniven
07.15 Barnehagen opnar Barnehagen opnar
08.00 Frukost Frukost
08.45 - 11.00 Frukosten blir avslutta. Aktivitetar og samlingar startar, både ute og inne. Barna blir delte inn i små grupper med spennande aktivitetar som fremmar til dømes språk, motorikk og sanseopplevingar. Frukosten blir avslutta. Aktivitetar og samlingar startar, både ute og inne. Barna blir delte inn i små grupper med spennande aktivitetar som fremmar til dømes språk, motorikk og sanseopplevingar.
11.00 - 12.00 Lunsj Lunsj
12.00 - 14.00 Hviling og soving. Dei barna som ikkje skal kvile eller sove får tilbod om aldersadekvate aktivitetar og opplevingar. Aktivitetar og samlinger både inne og ute. Vi held fram med spennande aktivitetar.
14.00 Fruktmåltid Fruktmåltid
14.30 Frileik Frileik
16.45 Barnehagen stenger Barnehagen stenger

Alle tider som er angitt over er ca. tider. På morgonen mellom klokka 07:30 – 08:30 er det òg frilek inne på avdelingane våre. Vi gjer også merksam på at barna skal vera med å bestemme noko over dagen sin, derfor kan planane endrast.

Kontakt

Besøksadresse: Losgata 2, 6003 Ålesund

Styrar:: Elisabeth Buer Thuseth, tlf. 70 16 31 20
E-post: eldrid.olsvik.howden@alesund.kommune.no

Andre kontakter:

Kniven: 70 16 31 22 / 409 06 614

Kanona: 70 16 31 23 / 901 22 733

Andedammen: 70 16 31 24 / 409 06 615

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/midtbyen-barnehage

Til toppen