Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Tennfjord barnehage

Tennfjord barnehage

Foto få utsida til Tennfjordbarnehage - Klikk for stort bilete

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgivelser med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 27 tilsette, fordelt på fem basar. Barnehagen har eit godt fagmiljø der tilsette har langt erfaring og stort engasjement. Sju av dei tilsette har fagbrev og 14 er utdanna pedagogar.

Som overordna mål for arbeidet i barnehagen, er visjonen Vi gjer kvarandre gode.Vi spelar på lag, både foreldre, barn og personale for å få fram det beste i kvarandre

Pedagogisk grunnsyn: Vi hevdar at tryggleik gir grunnlag for gode relasjonar og godt samspel. Først når vi er trygge kan vi utvikle oss, leike og lære. For å bli trygg er vi  avhengig av god tilknyting, gjensidig tillit og respekt. Tillit vil seie at vi stoler på kvarandre og meiner at den andre har gode hensikter i samhandlinga. I barnehagen vil vi møte kvarandre med omsorg og anerkjenning. I eit fellesskap må vi både ta omsyn til andre sine behov og samtidig få erfaring med å stå i mot gruppepress. Det er viktig å kunne ta eigne val og stå opp for eigne meiningar. Vi tek kvarandre på alvor gjennom å lytte til kvarandre og syner respekt for både eigne, og andre sine grenser. For oss er det viktig at barna får kjenne på meistring på eige nivå, samtidig som dei får utfordringar dei kan vekse på. Vi vil slik legge grunnlaget for å utvikle trygge barn med ei god sjølvkjensle.

Stemninga i barnehagen ber preg av imøtekommande tilsette, ei god atmosfære og ei kjensle av at dette er ein god plass å vere. Humor og glede er viktige kjenneteikn, og noko vi sett høgt i vårt arbeid. Vi vektlegg aktive og nære vaksne, som utfordrar seg sjølv og ikkje tek seg sjølv     høgtidleg. Då kjem vi nær barna i leik, og slik kan vi skjerme god leik, gi felles opplevingar og auke leikerepertoaret gjennom variasjon.

For oss er det viktig at barna får medverke i eige liv. Barnehagebygget er utforma med tanke på barns medverknad, der leiker og materiell er tilpassa og tilgjengeleg for barna. Barna sine interesser, behov og deira initiativ får konsekvensar for det pedagogiske arbeidet og utforming av det fysiske  miljøet. Det krev vaksne som ser potensiale og kan utnytte denne ressursen. For at barna skal ha moglegheit til å påverke sin eigen kvardag og barnehagen sitt fellesliv, legg vi ikkje ferdige planar langt fram i tid, men tek utgangspunkt i barnegruppa. Dette ser ein også att i tema- og prosjektarbeid.

Opningstider: Barnehagen har ope frå kl. 07.00 til kl. 16.30 kvar vekedag utanom planleggingsdagar, jul og påske. Barnehagen har sommarope

Sjå årsplanen 2020-21 for Tennfjord barnehage her (PDF, 870 kB)

Kontakt

Telefon

Denne nettsida: alesund.kommune.no/tennfjord-barnehage

Til toppen