Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Søvik barnehage

Søvik barnehage

Foto få utsida til Søvik barnehage - Klikk for stort bilete  

Søvik barnehage  ligg i naturskjøne omgivelsar med «Trollskogen» nærmiljøområde som ein del av leikeplassen. Vi har fjøre med naust og båt og mange flotte turstadar i nærområdet. Kort veg til skule og butikk.

Barnehagen har 57 barn og 15 tilsette. Sju pedagogar og 7 ass/fagarb der 4 av dei har fagbrev.

Vårt pedagogiske grunnsyn er basert på filosofien om at barn er kompetente og KAN dersom barna er trygg og blir anerkjent. Barnet sin læring og danningsprosess skjer i samspel mellom barnet og dei vaksne. Barns læringsresultatet er større ved direkte erfaring, utforsking og undring. Våre grunnpilarer er at:

  • Barn er heilt frå dei er små opptekne av å lære og forstå.
  • Barnet kan dersom det får lov og moglegheit. Barna skal oppleve like sjanse for å bli sett, høyrt og erfare uavhengig av kjønn, etnisitet, utvikling, livssyn, språk og religion.
  • Barna må få tillit- dei greier sjølve.
  • Barn må oppleve å bli lytta til. Kvart enkelt barn skal få høve til å ytre og undre seg og medverke til innhaldet i barnehagen. 
  • Barn lærer ved å utforske saman med andre barn; Samarbeid, anerkjenne og respektere likheiter/forskjeller og det å hevde egne meininger på vegne av seg sjølv eller andre.
  • Barnet lærer best ved å få prøve/ gjere sjølv.
  • Barna må få tid på seg.
  • Alle handlingar og avgjerder som gjeld barnet skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn.

Vi jobbar kontinuerlig for å oppretthalde eit barnehagemiljø som ber preg av tryggleik, tillit, anerkjenning, engasjement, glede og humor. Noko vi meiner er grunnleggjande for å gje barn trygge og gode læring og utviklingsmoglegheiter.

Opningstider:

Barnehagen har ope frå 07.15-16.45 kvar vekedag utanom planleggingsdagar, jul og påske. Barnehagen held stengt jul og påske, samt to veker på sommeren – veke 29 og 30.

Kontaktinformasjon:

Adresse: Plassen 18, 6280 Søvik

E-post barnehagen: sovik.barnehage@alesund.kommune.no

Styrar; Lise.vilnes.sovik@alesund.kommune.no

Verksemdleiar: Lill-Therese.H.Eidsvik@alesund.kommune.no

Sjå årsplan for barnehagen 2021-22 (PDF, 2 MB)

Opningstid

Kl 07.15 - 16.45

Kontakt

Adresse: Plassen 19, 6280 Søvik

Telefon: 907 73 918

E-post: sovik.barnehage@alesund.kommune.no

Denne nettsida: alesund.kommune.no/sovik-barnehage

Til toppen