Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Rabbevågen barnehage

Rabbevågen barnehage

Foto få utsida til Rabevågen barnehage - Klikk for stort bileteRabbevågen barnehage ligg ved Stafsetneset og har eit flott nærområde som byr på rike moglegheiter til allsidige og utfordrande opplevingar. Dette inneber at det å bruke nærmiljø og naturen vil vere ein viktig del av barnehagen og det pedagogiske arbeidet.

Barnehagen har 90 plassar fordelt på fire avdelingar, dette er Gul, Oransje, Blå og Grønn base. I tillegg til sjølve baseromma har barnehagen ei rekke grupperom. Det er eit atelier, eit fantasirom, eit rolleleikrom, eit drama og musikkrom, eit leserom og eit rom til ”soft” leik.  Romma gir barnehagen gode moglegheiter til å drive eit allsidig pedagogisk arbeid, noko som også set krav til eit nært og tett samarbeid mellom basane, og igjen som gjer at vi  får utnytta både dei arealmessige og menneskelege ressursane, leiker og utstyr på ein best mogleg måte.

Verdigrunnlaget til barnehagen bygger på eit heilheitssyn på barn si utvikling og læring. Tryggleik, trivsel, leik og læring er faktorar som heng nøye saman, og som må sjåast i samanheng. Leik og læring og utvikling får gode vilkår om trivsel og tryggleik ligg i botn.

Vi arbeider no med eit større prosjekt der fokuset er livsmeistring og helse.

Pedagogikk

Vi er opptatt av at: Alle barn skal oppleve å bli sett, høyrt og kjenne seg verdifull i eit inkludarende, stimulerande og lærande miljø.

Satsingsområde

Språk, progresjon og vurdering 

Avdelingar

Barnehagen gir eit pedagogisk tilrettelagt tilbod til barn i alderen (0) 1- 6 år.

Barna er plassert på 4 ulike basar ut i frå alderen:

  • Grønn - for barn i alderen 3 - 6 år
  • Blå - for barn i alderen 3 - 6 år
  • Oransje - for barn i alderen 2 - 3 år
  • Gul -  for barn i alderen (0) 1 - 2 år

Opningstider

Opningstid: kl. 07.00 – 16.45
 

Kontakt

Besøksadresse: Vegsundvegen 62

Leiar: Janne Marstrander
E-post: janne.marstrander@alesund.kommune.no

Telefon:
Styrar: 70 16 46 90
Grønn base: 90 90 65 29
Blå base: 90 83 15 62
Orange base: 90 87 53 64

Gul base: 90 92 34 69

Denne nettsida: alesund.kommune.no/rabbevagen-barnehage

Til toppen