Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Fremmerholen barnehage

Fremmerholen barnehage

Foto få utsida til Fremmerholen barnehage - Klikk for stort bileteFremmerholen barnehage i eit fint naturområde med god tilgang til skog, fjell og vatn. Barna har stor glede av å følge med og mate endene på Lillevannet, og å leike i skogsområdet rundt barnehagen. Vi ønsker å gi barna gode naturopplevingar gjennom å aktivt bruke nærområdet vårt.

Barnehagen har 4 avdelingar og eigen avskjerma leikeplass for dei minste barna.

Pedagogikk

Fremmerholen barnehage er med i Reggio Emilia-nettverket i Ålesund. Den italienske Reggio Emilio-filosofien set barnet i sentrum og gir det medverknaf i sin eigen kvardag.

Vi ønsker å hente fram barnet sin eigen kompetanse og arbeide for å gi rom for forskertrong, nysgjerrigheit og finne ut av ting.

Gjennom pedagogisk dokumentasjon viser vi fram barnehagen sin praksis for barna sjølv, foreldra og personalet. På denne måten blir enkeltbarnet sett og vi kan vidareutvikle kvaliteten i barnehagen.

Vedrigrunnlag

  • Barnehagen skal vere ein stad for positiv utvikling i samspal med andre barn og vaksne.
  • Barnet skal oppleve at det er ein del av det sosiale fellesskapet.
  • Barnehagen skal vere ein stad der barn blir tatt på alvor, der dei opplever ein anerkjennande veremåte frå dei vaksne.
  • Barnehagen skal ha eit miljø som er prega av tryggleik, humor og glede.

Slik jobbar vi

  • Prosjekt: Vi arbeider med prosjekt i små grupper. Gjennom å lytte til barna tar vi utgangspunkt i det barnet er opptatt av. Personalet kan også legge fram tema for å sjå om det fangar barna si interesse.
  • Turgrupper: Alle barna er med i grupper som er på tur i nærmiljøet ein gang pr. veke. Vi ønsker her å gi barna gode naturopplevingar.
  • Tradisjoner: Vi følger dei tradisjonelle høgtidene i løpet av kalenderåret. I tillegg har barnehagen forskjellige årlege tilbakevendande aktivitetar. Sjå årsplan.
     
  • Kunstutstilling: Barnehagen avsluttar barnehageåret med barna si eiga kunstutstilling.
  • Leik: Barna sin leik er den aller viktigaste aktiviteten i barnehagen. Det å kunne delta i leik og få venner dannar grunnlaget for trivsel, læring og sosial kompetanse. Vi arbeider for at alle skal vere ein del av felleskapet og vere i gode vennerelasjonar.

Avdelingar

Det er 4 avdelingar i Fremmerholen barnehage:

  • 2 avdelingar for barn 3 - 6 år
  • 1 avdeling for 1 åringar og dei yngste 2-åringane
  • 1 avdeling for dei eldste 2-åringane og dei yngste 3-åringane

Alderssammensetningane på avdelingane kan variere frå år til år. 

Opningstider

Barnehagen er open frå klokka 07.15 til klokka 16.45. Den er stengt julaften og påskeaften. Barnehagen er stengt 2 veker i juli.

Kontakt

Besøksadresse: Holsmyrveien 48, 6011 Ålesund

Leiar: Karen Leclercq
E-post: fremmerholenbh@alesund.kommune.no

Telefon: 
Kontor: 70 16 46 20
Solstua: 91247842
Søristua: 91240398
Nordistua: 91248057
Månestua: 91243629

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/fremmerholen-barnehage

Til toppen