Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Åsemulen barnehage

Åsemulen barnehage

Foto få utsida til Åsemulen barnehage - Klikk for stort bilete Åsemulen barnehage er ein toavdelings-barnehage som held til i det sjarmerande bygget til Gamle Åse skole i Åsegardsvegen. Utsmykningar som blei laga av Jonas Peson på 1950-talet, er framleis intakt på nokre av dørene.

Barnehagen er plassert midt i eit bustadfelt, med kort avstand til både skog og sjø. Vi disponerer eit stort friområde, med mange moglegheiter for allsidige uteaktivitetar.  

Leikeplassen blei oppgradert i 2008, og då fekk vi nye lekeapparat og stor asfaltert plass.

Pedagogikk

Verdigrunnlag

Barna skal oppleve trygge og omsorgsfulle vaksne, som er tilstades og ser det enkelte barnet. Å bli vist omsorg er eitt av våre grunnleggande behov.

Vi er viktige rollemodellar for barna, og evna til å vise empati blir tillært gjennom positive handlingar.

Visjon

Leik, glede, humor, tryggleik og trivsel, engasjerte og omsorgsfulle vaksne.

Den gylne regel

Ein gylden regel i barneoppdraginga kan vere:

Framhev heller det som er gjort enn det som er ugjort. Ros heller barnet når det meistrar noko, enn å gi det ris når det kjem til kort. 

Slik jobbar vi

Slik jobbar vi med sosial kompetanse i Åsemulen barnehage.

Sosial kompetanse handlar om å meistre samspelet med andre. Sosial kompetanse blir skapt gjennom kontakt med andre menneske. I barnehagen blir det utvikla sosial kompetanse i alle kvardagssituasjonar og i leiken.

Personalet må vere tilgjengeleg for barna i leiken, og hjelpe dei til å meistre samspelet med dei andre barna. Vi vil støtte barna til å få vennar i barnehagen. Vi vil førebygge mot mobbing blant anna ved å vere tett på barna, slik at ingen skal bli utsett for erting, plaging eller utestenging i barnehagen.

Satsingsområdet vårt er utviklingsarbeidet: Framtidas barnehage i Ålesund med fokus på leikande vennskap. Gjennom leiken kan vennskap oppstå på tvers av alder, forutsetningar og kulturar. Vennskap og tilrettelegging for gode relasjonar i barnehagen er ei forutsetning for god læring, utvikling av barn sin sosiale kompetanse og oppleving av glede og meistring. Vennskap gir barna tru på at dei er verdifulle.

Vi vil at barna skal få ein sunn sjølvfølelse. Eit barn med velutvikla og sunn sjølvfølelse lever saman med personar som interesserer seg for barnet sine tankar, følelsar og behov, som respekterer det, som ser og høyrer det, som set pris på det og tar det på alvor.

"Det mest avgjørende som skjedde oss da vi var barn var at der var kjærlige øyne som så oss. Så oss med glede og varme. Ikke fordi vi hadde de og de gode egenskaper, men fordi vi var til" (J. Møllenhave 1988).

Måltid

Vi ønsker at barna skal få forståinga for gode matvaner. Dei som vil kan ete medbragt frukost i barnehagen. Vi har felles smørelunsj ca kl 11.15 og barna et frukt ca kl 14.30. Foreldra betaler kostpengar for dette.

 

Avdelingar

Barnegruppa er samansett slik:

  • Nerigarden: Barn i alderen 0-3 år
  • Oppigarden: Barn i alderen 3-6 år

Opningstider

Åsemulen barnehage er open kl 07.15-16.45

Barna si opphaldstid i barnehagen er inntil 9 timar pr. dag.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, samt inntil 5 planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Sommarferien blir avvikla tre veker i juli, i veke 28, 29 og 30. Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av året. Barnas ferie skal vere fastsett med tilbakemelding frå foreldre/føresette innan 30. april.

Kontakt

Besøksadresse: Åsegardsvegen, 6018 Ålesund

Leiar: Gunnhild Skaaden
E-post: asemulenbh@alesund.kommune.no

Telefon:
Kontor: 70 16 27 60
Nerigarden: 70 16 27 61 /70 16 27 68
Oppigarden: 70 16 27 62 / 70 16 27 57
Personalrom: 70 16 27 69

Denne nettsida:  www.alesund.kommune.no/asemulen-barnehage

Til toppen