Politisk sekretariat

Politisk sekretariat

Politisk sekretariat skal medverke til gode politiske prosessar, og legge til rette for arbeidet i dei politiske styringsorgana. 

Sekretariatet har sekretær- og servicefunksjonar for ordførar, kommunestyret, formannskapet, komitear og andre fokevalde organ. 

Politisk sekretariat har ansvar for ulike reglement, og rådgiving knytt til folkevalde organ, saksgang og framgangsmåtar.

Administrativt er sekretariatet plassert under kommunedirektøren, medan ordføraren er næraste overordna i det daglege arbeidet. Gjennom denne organiseringa skal politisk sekretariat vareta og vidareutvikle god saksflyt mellom administrasjon og folkevalde organ.

Sentrale tenester

  • støtteapparat for ordføraren og varaordføraren i det daglege arbeidet
  • avvikling av møte, dvs.: møteplan, innkallingar, føring av protokoll, kunngjeringar osv.
  • arbeidsvilkår, godtgjering og anna for folkevalde
  • opplæring, rådgiving og informasjon av/til dei folkevalde
  • opplæring og hjelp til saksbehandlarar og andre i administrasjonen
  • organisering av, og reglement for, folkevalde organ
  • service til media og publikum om saker, vedtak og det politiske systemet
  • planlegging og gjennomføring av arrangement, møte, representasjon m.m. der ordføraren er vertskap
  • val av nemnder, utval m.m.
  • digitale løysingar for politikarar og andre folkevalde
  • meddommarar og medlemmar i forliksråd
  • stortings- og sametingsval
  • fylkestings- og kommunestyreval
  • folkerøystingar og innbyggarinitiativ
  • kommunen sine nettsider om politikk
  • kommune-tv med direktesending og opptak frå politiske møte

For å nå alle tilsette i politisk sekretariat kan du sende e-post til fellesadressa politisk@alesund.kommune.no.

Finn informasjon om politisk styring

Til toppen