Plan og geodata

Verksemda består av to avdelingar.

Arealplan

Planavdelinga arbeider med kommunen sine arealplanar, og kan svare på spørsmål om vedtatte planar, planar under utarbeiding og prosessar i forbindelse med planarbeid.

Planavdelinga jobbar mellom anna med:

  • Behandling av private reguleringsforslag
  • Utarbeiding av kommunale reguleringsforslag
  • Endring av vedtatte reguleringsplanar
  • Utarbeiding av temaplanar, analysar og rettleiingsmateriell

Sjå reguleringsplanar og rettleiing.

Avdelingsleiar: Anette Solbakk

Geodata

Avdelinga har ansvaret for følgande tenester/arbeidsoppgåver:

  • Føring og retting av informasjon om bygningar i matrikkelen (egiedomsregisteret i Noreg).
  • Saksbehandling i forbindelse med kommunale vedtak på namn på vegar, gater, parkar og plassar.
  • Tildeling og matrikkelføring av offisielle adresser.
  • Formidling av kart/kartdata og eigedomsinformasjon, herunder leveranse av meklarpakkar til eigedomsmeklarbransjen.
  • Ajourhold av felles kartdatabasar, samt konstruksjon og forvaltning av kommunens plankartdatabasar og digitale planarkiv.
  • Analysar mot geografiske og geografisk relaterte data.

Sjå kartdata og eigedomsinformasjon.

Avdelingsleiar: Knut Helge Skare

Verksemdsleiar: Ikkje tilsett