Søvik skule

Søvik skule ligg fint til midt i Søvikbygda, og krinsen omfattar bygdelaga Søvik, Gamlem, Terøya, Bjørnøya, Hamnsund, Grytastranda og Store-Kalvøy. Nærområdet vårt blir mykje brukt til læringsaktivitetar med skog og fjøre tett på oss.

Blikk for heile barnet

Søvik skule er ein dysleksivenleg skole. Det betyr at vi har gode system for å følgje opp elevane si faglege utvikling. Skolen brukar SOL (systematisk observasjon av lesing) og VFL (Vurdering for læring)  som verktøy. Vi har eit sterkt fokus på læringsmiljø og trivsel som vi arbeider systematisk med.  Vi har utdanna AART- instruktørar. TL (trivselsleiarane) er viktige for positiv aktivitet i friminutta.

Dei tilsette er opptekne av å bruke læringsmetodar som aktiverer heile barnet. Leik og fysisk aktivitet er ein viktig del av skulekvardagen. Skulen er inne i ei sterk satsing på digitale læremiddel.

Skolen har eit elevtal på rundt 100.  Vi har ca 20 tilsette (lærarar og assistentar).

Skolebygningen frå 2010, den nye Norborghallen og det flotte uteområdet vårt skaper gode rammer for trivsel og læring. 

Opningstider

  • SFO: Kl. 07.00 til 08.20 og kl. 12.55 til 16.30
  • Skolestart: Kl. 08.20
  • Skoleslutt: Kl. 12.55 for 1. til 4. klasse, kl. 12.55 for 5. til 7. klasse på måndag og fredag. Kl. 13.50 for 5. til 7. klasse på tysdag, onsdag og torsdag.

Helse og velferd

Skolehelsetenesta.

Kontakt oss

Besøk: Vollane 25
Post: Søvik skule, Postboks 76, 6281 Søvik
E-post: sovik.skule@alesund.kommune.no

Telefon

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/sovik-skule