Flem skule Peder Otto Dybvik Flem skule er ein 1. til 7. trinnskule på Flemsøy/Skuløy på Nordøyane. Sist endra 25.05.2023 14.52 Lepsøy, Flem og Haramsøy skular er ei felles administrativ verksemd frå 01.08.2020. Både tilsette og elevar samarbeider mykje på tvers av øyane. Pedagogisk profil Samarbeid, tryggleik og trivsel som grunnlag for læring. Flem skule er ein dysleksivennleg skole. Det betyr at: vi oppdagar dysleksi i ein tidleg fase vi set inn tiltak så tidleg som mogleg. vi gir god opplæring i digitale verktøy. skolen gir god tilpassa opplæring for alle elevane. Flem skule har fokus på teknologi og digital læring på alle årstrinn. Vi er også opptekne av at elevane skal få lære med heile seg, og at ein nyttar natur og nærmiljø aktivt i undervisninga. Vi legg til rette for kreativ og utforskande læring. Reglement Ordensreglar Flem skule 2006 (PDF, 178 kB) Leksehjelp Flem skule er ein «leksebevisst» skule: Mål: God tilpassing og meistring, styrke grunnleggande ferdigheiter. Lekser i basisfaga: norsk/lesing, matematikk og engelsk. Lesetrening, mengdetrening og øving i å gjere sjølvstendig arbeid. Vi ser på foreldra som ein viktig ressurs i læringsarbeidet. Leksehjelp på skulen på måndag og tysdag etter skuletid for 3.-7.klasse. SFO Ope til kl 16:00 kvar dag etter skuletid. Vennskap og samhandlingar er ”hovudfaget” i SFO. Elevane får eit variert tilbod av aktivitetar, både eigenstyrte og vaksenstyrte. Helse og velferd Skolehelsetenesta. Kontakt Besøk: Longvafjordvegen 386 E-post: flem.skule@alesund.kommune.no Telefon: 481 00 522 (sentral) / 480 87 198 (personalrom) Rektor: 414 01 196 SFO: 480 87 198 Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/flem-skule