Stette barnehage

Stette barnehage

Stette barnehage har vore drifta i eige bygg sidan påska 2014 og gleda er stor blant barn, foreldre og tilsette i barnehagen. Barnehagen har tidlegere vore drifta i skulebygget på Stette og i Grendehuset. I dag er Stette barnehage ein av dei 5 kommunale barnehagane i Verksemd Barnehagar Skodje/Ørskog som er driven og eigd av Ålesund kommune.

Foto få utsida til Stette barnehage - Klikk for stort bilete Peder Otto Dybvik

Barnehagen ligg eit flott naturområde med utsikt over Stettevika og med Stette friskule som nærmaste nabo. Vi har kort vei til skog, fjøre og i tillegg har vi eit flott inngjerda uteområdet med grue, grillhytte «Revehiet» og mange ulike leikemoglegheiter. Vi har også moglegheiter til å bruke gymsalen i skulen og grendehuset til ulike aktivitetar.

Her finn du årsplanen til Stette barnehage 2022 - 2023.  (PDF, 3 MB)

Vår visjon

″Eg er meg når eg er saman med deg″

Vi kan tilby

•    Eit nytt og flott ute- og inne miljø
•    Eit engasjerte, kreative og stabilt personale
•    Fokus på godt samspel mellom barn og vaksne
•    Fokus på pedagogisk dokumentasjon
•    Prosjektarbeid som metode
•    Fokus på kompetanseheving og utvikling
•    Dagleg opningstid frå kl. 07.15 til 16.45
•    Lunsj og ettermiddagsmåltid

Stette barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Årsplanen vår gir oversikt over den pedagogiske verksemda, samtidig som den beskriv barnehagen sine satsingsområder.  Den seier noko om korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik og læring.

Avdelingar

Stette barnehage har to avdelingar med ei barnegrupper pr. avdeling.

Solstrålane er småbarnsavdeling 0-3 år og har pr. i dag 16 barn, mens Fjørefantane er ei storbarnsavdeling 3-6 år og har pr. i dag 25 barn.

Barnehagen er bygd for 72 plassar/54 barn og lokala opplevast som lyst og lett med gode rom for ulike aktivitetar tilpassa dei ulike barnegruppene.

Kontakt

Adresse: Bjønnaberget 7, 6260 Skodje

Styrar: Marianne Nesvik Tøsse
E-post: marianne.nesvik.tosse@alesund.kommune.no
Telefon: 970 43 396/70 24 48 00

Verksemdsleiar: Janne Aamelfot

Storbarnsavdeling, Fjørefantane
Telefon: 414 58 125/917 33 865

Småbarnsavdeling, Solstrålane
Telefon: 904 75 883

Denne nettsida: alesund.kommune.no/stette-barnehage

Til toppen