Prestemarka barnehage

Prestemarka barnehage

Foto få utsida til Prestemarka barnehage - Klikk for stort bilete Skodje fotoklubb

Prestemarka barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i Skodje sentrum. I tillegg til at vi ligg nært både bibliotek, idrettshall, fotballbaner og barneskulen har vi har kort veg til sjø, skogsterreng, lysløype, turstiar og gapahukar.

Prestemarka barnehage opna august 2014 i eit nybygg som har kapasitet til å drive med 120 barnehageplassar. Prestemarka er ein av fem barnehagar som til saman utgjer Verksemd Barnehagar Skodje-Ørskog i Ålesund kommune. 

Pedagogikken vår

Verdiane våre, omsorg og leik, læring og danning er svært viktige element som det pedagogiske tilbodet i Prestemarka barnehage er basert på. Vi ser på kvart enkelt barn som kompetente og med ibuande ressursar som skal få komme til uttrykk og utviklast i barnehagen. Barns eigen nysgjerrigheit og undring legg grunnlaget for livslang læring. Barn skal støttast og oppmuntrast til å uttrykke seg, bli synlege og ha rom for medverknad. For oss handlar det om å gje barn rom, i både i fysisk og psykisk forstand, for å uttrykke seg saman med andre. Kvart enkelt barn skal oppleve å bli sett, høyrd og forstått av anerkjennande, tydelege og ansvarsfulle vaksne. 

Kvart år vert det utarbeidd ein årsplan for det daglege arbeidet og ulike satsingsområder. I årsplanen kan du lese meir inngåande om pedagogikken som ligg til grunn og arbeidsmåtane våre og det pedagogiske planarbeidet. Årsplanen er bygd på barnehagelovaog rammeplan for barnehagen.

Her kan du sjå årsplanen for Prestemarka barnehage for 2022 - 23. (PDF, 3 MB)

Avdelingar og barnegupper

Prestemarka barnehage består av to avdelingar. Dette er Knøttane og Hakkespettane:

  • Knøttane husar dei yngste barna (0-3 år), og består av barnegruppene Tua og Vika.
  • Hakkespettane husar dei litt eldre barna (2-6 år), og består av barnegruppene Straumen og Tinden.  

Prestemarka barnehage tilbyr

  • Eit engasjert og fagleg oppdatert personale
  • Fokus på gode relasjonar og samspel i barnegruppene og mellom vaksne og barn
  • Fokus på kompetanseheving og fagleg utvikling
  • Dagleg opningstid frå kl. 07.00 til kl. 16.45
  • Frukost, lunsj og ettermiddagsmåltid
  • Digital app for registrering av fråvær/ferie/nærver og anna informasjon mellom heim og barnehage

Kontakt

Adresse: Nedreskodjevegen 12, 6260 Skodje

Verksemdsleiar: Janne Aamelfot

Styrar: Astrid Josefine Eide
Telefon: 48 21 21 11
E-post: astrid.josefine.eide@alesund.kommune.no

Avdeling Hakkespettane, 2 barnegrupper

Telefon
Straumen: 90 71 62 85 / 91 70 96 76
Tinden: 91 72 17 32 / 91 70 93 76

Avdeling Knøttane, 2 barnegrupper

Telefon
Vika: 91 72 12 98
Tua: 95 16 67 68

Følg oss

Denne nettsida: alesund.kommune.no/prestemarka-barnehage

Vi er også på Facebookog Instagram @prestemarka_barnehage.

Til toppen