Barnehagen har 55 barn og 15 tilsette. Sju pedagogar og 7 ass/fagarb der 4 av dei har fagbrev.
Vårt pedagogiske grunnsyn er basert på filosofien om at barn er kompetente og KAN dersom barna er trygg og blir anerkjent. Barnet sin læring og danningsprosess skjer i samspel mellom barnet og dei vaksne. Barns læringsresultatet er større ved direkte erfaring, utforsking og undring.
Våre grunnpilarer er at:
- Barn er heilt frå dei er små opptekne av å lære og forstå.
- Barnet kan dersom det får lov og moglegheit. Barna skal oppleve like sjanse for å bli sett, høyrt og erfare uavhengig av kjønn, etnisitet, utvikling, livssyn, språk og religion.
- Barna må få tillit- dei greier sjølve.
- Barn må oppleve å bli lytta til. Kvart enkelt barn skal få høve til å ytre og undre seg og medverke til innhaldet i barnehagen.
- Barn lærer ved å utforske saman med andre barn; Samarbeid, anerkjenne og respektere likheiter/forskjeller og det å hevde egne meininger på vegne av seg sjølv eller andre.
- Barnet lærer best ved å få prøve/ gjere sjølv.
- Barna må få tid på seg.
- Alle handlingar og avgjerder som gjeld barnet skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn.
Vi jobbar kontinuerlig for å oppretthalde eit barnehagemiljø som ber preg av tryggleik, tillit, anerkjenning, engasjement, glede og humor. Noko vi meiner er grunnleggjande for å gje barn trygge og gode læring og utviklingsmoglegheiter.
Sjå årsplan for barnehagen 2022-23 (PDF, 2 MB)
Opningstider:
Barnehagen har ope frå 07.00-16.45 kvar vekedag utanom planleggingsdagar, jul og påske. Barnehagen held stengt jul og påske, samt to veker på sommeren – veke 29 og 30.
Kontakt
Adresse: Plassen 19, 6280 Søvik
Telefon: 907 73 918
E-post: sovik.barnehage@alesund.kommune.no
Verksemdsleiar: Lill-Therese H. Eidsvik
Styrar: Lise Søvik, Lise.vilnes.sovik@alesund.kommune.no
Denne nettsida: alesund.kommune.no/sovik-barnehage