Lepsøy barnehage

Lepsøy barnehage - Klikk for stort bileteLepsøy barnehage

   

Saman skaper vi tryggleik, tillit og trivsel

Lepsøy barnehage er ein ein-avdelings barnehage. Barnehagen flytta våren 2020 inn i oppussa lokaler i same bygning som Lepsøy skule og samfunnshus. Der har vi to hovudrom – Fjell og Fjøre, samt eige hobbyrom, stor grovgarderobe og overbygd inngangsparti som vi nyttar til aktivitetar og eting utandørs.  Barnehagen har garderobeplassar til 20 barn.

I nærområdet har vi både skule, bibliotek, butikk og eit stort utval turområder. Turområda brukar vi gjennom heile året. Vi går også til nye plassar og utforskar nærmiljøet. Vi brukar områda ulikt; nokre legg godt til rette for matlaging, medan andre har spennande natur å utforske. Vi har også tilgang til gymsal som er i same bygget.

Visjon

Ved vår barnehage ønskjer vi å gi alle barn optimale utviklingsmogelegheiter, og ta vare på barndommen sin eigenverdi. Dette gjer vi ved å verdsette barns behov for medverknad, omsorg, danning, leik og læring. Vi vil arbeide aktivt for eit inkluderande fellesskap, der både barn og vaksne skal kjenne seg velkomne og trygge. Vi har fokus på vennskap gjennom heile året. Dei vaksne skal vere imøtekomande og gi barna positive opplevingar basert på respekt og aksept, og gjennom det syte for trivsel og utvikling for kvar enkelt. Skal samspel og samarbeid fungere må vi ha eit menneskesyn som er prega av likeverd og gjensidig respekt. Vi ser på barnet som eit subjekt med eigne tankar, meiningar, kjensler og handlingar.

Årsplan for Lepsøy barnehage for 2022 -2023 (PDF, 8 MB)

Dagsplan

07:15 Barnehagen og SFO opnar
07:45-8:30 Frukost, barna må vere på plass til 08.15 for å rekke frokost
08:45 Morgonsamling m/dagtavle
09:00-11:00 Aktivitetar i grupper
11:00 Lunsj
Sove- og kviletid
13:00 SFO blir henta på skulen
14:00 Fruktmåltid
Frileik eller aktivitetar i grupper
16:45 Barnehagen og SFO stenger

Opningstid

Opningstid er 07.15-16.45.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, samt inntil 5 planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Barnehagen har feriestengt i veke 52 (romjulsveka).

Kontakt