Harøy barnehage

Harøy barnehage

Harøy barnehage består av to bygg på same område, og har totalt arealkapasitet til å drive 134 plassar. Per i dag har barnehagen samla all drift i hovudbygget som var nytt i 2013.

Foto få utsida til Harøy barnehage - Klikk for stort bilete

Lokaler og nærmiljø

Barnehagen ligg i fine omgjevnader på Harøy, med IP Huse-hallen som næraste nabo, der vi har tilgang til både klatrevegg og kunstgrasbane. Like ved ligg Sandøyhagen og Harøy stadion. I Sandøyhagen finn vi skule, kulturskule, bibliotek, gymsal og auditorium. Det er kort veg til fjøre og skog, og saman med foreldre er det opparbeidd et tur- og leikeområde i Mummiskogen om lag 10 min frå barnehagen. Butikk og kommunedelssenteret på Steinshamn ligg ca 20 min gåavstand unna.

Harøy barnehage er ein av seks barnehagar som til saman utgjer Verksemd Haram og Sandøy barnehager.

Generell informasjon

Harøy barnehage vert driven som avdelingsbarnehage, og størrelse på barnegrupper og fordeling av barn over og under 3 år vert tilpassa den alderssamansettinga vi til eikvar tid har i kommunedelen, og for å skape så gode pedagogiske rammer som mogleg for alle barna. På Hummaren og Sjøhesten held småbarna i alderen 1-3 år til, som hovudregel i grupper på 9-12 barn. På Kamskjelet og Sneglehuset held dei større barna til, og er i alderen 2-5 år. Gruppestørrelse er vanlegvis 18-24 barn.

Etter nedgang i barnetal dei seinare åra, vart ei avdeling i gamlebygget bygd om til skulekjøkken for Harøy skule i 2017, og dei to andre avdelingane i gamlebygget er midlertidig stengt. Frå januar 2020 er desse avdelingane utlånt til Harøy ungdomsklubb - Kvalen. 

Opningstid

Barnehagen sine opningstider er 07:00-16:30, og vi tilbyr lunsj og ettermiddagsmåltid.

Barnehagerute

Barnehageåret går frå 1.august til 31.juli kvart år.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, romjulsveka og 5 planleggingsdagar.

Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl 12.00.

Planleggingsdagar 2022/2023:

  • 18.august 2022
  • 19.august 2022
  • 15.september 2022
  • 20.januar 2023
  • 24.mars 2023

I Harøy barnehage er følgande retningslinjer fastsett i samarbeidsutvalet:

  • Barnehagen har feriestengt i veke 52 (romjulsveka).
  • Barnehagen har sommaropent i veke 25-30, med drift i tråd med påmeldte barn og ferieavvikling for personal. Det vil bli sendt ut kartlegging i høve sommarferien og det må vere minimum 6 plassar påmeldt for at barnehagen skal halde opent. Redusert opningstid kan bli vurdert når det er sommaropent.

Visjon, verdiar og satsingsområde

«Med leikande barn i eit trygt, omsorgsfullt og inkluderande fellesskap, bygger vi oppleving av å høyre til»

Vi ønsker m.a. å ta barna på alvor og sjå det einskilde barnet sine behov, samstundes som vi vektlegg fellesskapet, og det å vere varme og regulerande vaksne som støtter barna si oppleving av deltaking, mestring og utvikling. Vi ønsker å halde leik, humor og glede i sentrum, og legg vekt på å vere gode rollemodellar i barnehagekvardagen. Vi ønsker å ha fokus på tryggleik og trivsel for alle barna, og gje særskilt tid og rom for barn som har det vanskeleg.

I arbeidet med implementering av Rammeplan for barnehager (2017)  har vi hatt særleg fokus på leik, vennskap og fellesskap, og kommunikasjon og språk, og satsingsområde for barnehagen er språk og sosioemosjonell utvikling.

Årsplana synleggjer vidare korleis barnehagen omsett barnehagelova i praksis, og arbeider målretta for å sikre det pedagogiske arbeidet.

Sjå årsplan for barnehagen 2022/23  her (PDF, 7 MB)

Kontakt

Besøksadresse:  Skulevegen 10, 6487 Harøy
Adresse til denne nettsida: alesund.kommune.no/haroy-barnehage

Verksemdsleiar: Lill-Therese H. Eidsvik
E-post: Lill-Therese.H.Eidsvik@alesund.kommune.no
Tlf:  41 50 47 64

Styrar: Ingrid Huse
E-post: ingrid.huse@alesund.kommune.no
Telefon: 46 81 67 00

Avdeling Hummaren – småbarn
Telefon: 99 09 14 06

Avdeling Sjøhesten - småbarn
Telefon: 90 60 60 32

Avdeling Kamskjelet – storbarn
Telefon: 99 09 14 07

Til toppen