Haramsøy barnehage

Haramsøy barnehage består av ei avdeling på Haramsøy og ei avdeling på Longva.

Haramsøy barnehage har tilsamans 38 barn. På Haramsøy er dei 26 barn i alder 1-5 år og delt i to grupper; Kvitveis (1-2 åringane) og Solsikke/Blåklokke (3-5 åringane). På Longva er dei 12 barn i alder 1-5 år som er mykje i lag, men er også delt i to grupper ved aktivitet; Nasse Nøff (1-2 år) og Tigergut (3-5 år).

Haramsøy barnehage har ei stabil personalgruppe med utdanna pedagoger, fagarbeider og assistenter. Det er kort veg til fjell og fjøre, og nærområdet blir ofte brukt til turar, leik og læring. Vi har eit tett samarbeid med andre aktører i nærmiljøet; skule, bibliotek, omsorgssenter, butikk, kyrkje og næringsliv.

Visjon og verdier vi arbeider etter er:

«I barnehagen vår skal alle blomstre».

For oss betyr det å bygge gode relasjonar til kvart barn.

  • Vi skal vere nære vaksne som er gode rollemodeller, som ser og møter kvart enkelt barn på ein god måte.
  • Vaksne som viser empati og møter alle med omtanke og respekt.
  • Trygge vaksne som inkluderar alle og let alle få oppleve at dei er viktig uansett kven dei er og kva dei kan.
  • Omsorg skal prege alle våre situasjonar i vår kvardag og kome til uttrykk når barn leiker, lærer og deltek i rutinesituasjonar som stell, måltid, påkledning m.m..

Gode erfaringar gjennom trygge relasjonar styrker barnets sitt sjølvbilde, aukar trivselen og medverkar til positiv utvikling. Når barnet kjenner seg trygt og godt teke vare på, er utgangspunktet for læring og meistring det beste.

Barnehagens innhald bygger på eit heilskapleg læringssyn der omsorg, leik, læring og danning er sentrale begrep og skal sjåast i ein samanheng. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse, og dei sju fagområda i Rammeplanen, viktige i barnehagens læringsmiljø. Alle handlingar og avgjerder som gjeld barnet, skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn.

Årsplan 2022-2023 (PDF, 3 MB)

Opningstider

kl. 06:45-16:15

Kontakt

Haramsøy barnehage
Barnehagevegen 66,6290 Haramsøy
Telefon: 901 935 50

Haramsøy Barnehage, avd. Longva
Øvstevegen 212, 6293 Longva
Telefon: 909 20 817

Verksemdsleiar: Lill-Therese H. Eidsvik

Styrer: Kari Kolseth, 993 71 693