Storhaugen barnehage har lange tradisjonar på Aspøya. Vi starta opp allereie i 1950, men held no til i eit nytt bygg som stod ferdig i 2011.
Storhaugen er ei grøn lunge i byen med tre, parkområde med blomster, trapper og ei spennande utsikt frå Rundingen på toppen av området.
Pedagogikk
Storhaugen er ein kulturbarnehage inspirert av Reggio Emilia-filosofien.
Vi fokuserer på
- Barn sin medverknad
- Barn sine uttrykk i bilde og språk
- Pedagogisk dokumentasjon
- Prosjekt
På Storhaugen barnehage leitar vi etter magiske moglegheiter og spennande prosjekt.
Vi vil at barna skal
- oppleve humor, glede og omsorg for den enkelte
- utvikle gode relasjonar seg imellom
- oppleve eit trygt og inkludarende miljø
- utvikle eige uttrykk og eigen kreativitet
- erfare medverknad og samarbeid
Pedagogisk dokumentasjon
Vi arbeider med pedagogisk dokumentasjon av barna i prosjekt, leik og kvardagssituasjonar. Vi bruker tekst og foto i dokumentasjonane. Vi bruker dokumentasjonane saman med barna.
Foreldra kan sjå dokumentasjonane på tavlene og følge med på prosjekt og på kvardagen i barnehagen. Bilde frå kvardagen på dokumentasjonsskjerm.
Slik jobbar vi
I rammeplanen for barnehagar har vi sju ulike fagområde vi skal arbeide med. I barnehagen arbeider vi tverrfagleg slik at vi tar med fleire fagområde i same tema.
Slik arbeider vi med tema/prosjekt
- barna er med i planlegging og vurdering av prosjekt
- barna sine innspel og forslag i prosessen er viktige
- vi bruker tid, ofte ein til to terminar
- vi arbeider med små grupper, delt etter alder
- vi legg vekt på interesse, utforsking og samarbeid med barna
- vi dokumenterer prosessane
- vi vil ha god kommunikasjon med barna, dette inneber aktiv lytting
- vi reflekterer i personalgruppa om prosjektarbeidet
Avdelingar
Barnehagen har to avdelingar
- Picasso - storbarn
- Munch - småbarn
Opningstider
Barnehagen er open frå kl. 07.15 til kl. 16.45 alle virkedagar, unntatt laurdagar, julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00. Sommerferien blir avvikla i uke 28 og 29. Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av året, derav 3 skal vere samanhengande. Barna sin ferie skal vere fastsett med tilbakemelding frå foreldre/føresette innan 30. april.
Barna si opphaldstid i barnehagen er inntil 9 timar.
Kontakt
Besøksadresse: Storhaugen, Storhauggata 9, 6005 Ålesund
Verksemdsleiar: Haldis Gundersen
Barnehagestyrar: Torill Karlsmoen
Telefon:
Styrar: 904 03 152
Picasso: (storbarn) 70 16 51 51
Munch: (småbarn) 409 05 130
Personalrom: 70 16 51 53
Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/storhaugen-barnehage