Barnehagen har 4 avdelingar og eigen avskjerma leikeplass for dei minste barna.
Pedagogikk
Fremmerholen barnehage er med i Reggio Emilia-nettverket i Ålesund. Den italienske Reggio Emilio-filosofien set barnet i sentrum og gir det medverknad i sin eigen kvardag.
Vi ønsker å hente fram barnet sin eigen kompetanse og arbeide for å gi rom for forskertrong, nysgjerrigheit og finne ut av ting.
Gjennom pedagogisk dokumentasjon viser vi fram barnehagen sin praksis for barna sjølv, foreldra og personalet. På denne måten blir enkeltbarnet sett og vi kan vidareutvikle kvaliteten i barnehagen.
Sjå årsplan for Fremmerholen barnehage 2023-2024 (PDF, 2 MB)
Verdigrunnlag
- Barnehagen skal vere ein stad for positiv utvikling i samspel med andre barn og vaksne.
- Barnet skal oppleve at det er ein del av det sosiale fellesskapet.
- Barnehagen skal vere ein stad der barn blir tatt på alvor, der dei opplever ein anerkjennande veremåte frå dei vaksne.
- Barnehagen skal ha eit miljø som er prega av tryggleik, humor og glede.
Slik jobbar vi
- Prosjekt: Vi arbeider med prosjekt i små grupper. Gjennom å lytte til barna tar vi utgangspunkt i det barnet er opptatt av. Personalet kan også legge fram tema for å sjå om det fangar barna si interesse.
- Turgrupper: Alle barna er med i grupper som er på tur i nærmiljøet ein gang pr. veke. Vi ønsker her å gi barna gode naturopplevingar.
- Tradisjoner: Vi følger dei tradisjonelle høgtidene i løpet av kalenderåret. I tillegg har barnehagen forskjellige årlege tilbakevendande aktivitetar. Sjå årsplan.
- Kunstutstilling: Barnehagen avsluttar barnehageåret med barna si eiga kunstutstilling.
- Leik: Barna sin leik er den aller viktigaste aktiviteten i barnehagen. Det å kunne delta i leik og få venner dannar grunnlaget for trivsel, læring og sosial kompetanse. Vi arbeider for at alle skal vere ein del av felleskapet og vere i gode vennerelasjonar.
Avdelingar
Barna er delt inn i 4 avdelinger. Samansetting og størrelse på gruppene vil variere fra år til år, som en konsekvens av opptaket.
I 2023-2024 er avdelingene fordelt slik:
- Månestua barn fra 3-6 år
- Nordistua barn fra 3-6 år
- Søristua barn fra 0-3 år
- Solstua barn fra 0-3 år
Opningstider
Barnehagen er open frå klokka 07.00 til klokka 16.45. Den er stengt julaften og påskeaften. Barnehagen er stengt 2 veker i juli.
Kontakt
Besøksadresse: Holsmyrveien 48, 6011 Ålesund
Leiar: Kari-Janne Risvik
Verksemdsleiar: Marthe Lundemo
Telefon:
Kontor: 93 28 46 57
Solstua: 91 24 78 42
Søristua: 91 24 03 98
Nordistua: 91 24 80 57
Månestua: 91 24 36 29
Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/fremmerholen-barnehage