Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Helsestasjonstenester

Endra opningstider i sommar

I sommar er det endra opningstider for helsestasjonane i kommunen. Sjå opningstidene og kontaktinformasjon her. 

Blindheim, Moa og Sentrum helsestasjon (gamle Ålesund)

Blindheim og Moa helsestasjon er slått saman i veke 29 og 30. Elles vanlege opningstider på Blindheim, Moa og Sentrum helsestasjon.

Ørskog og Skodje helsestasjon

Helsestasjonen i Ørskog har ope måndagar, onsdagar og torsdagar i veke 27, 28 og 29, elles vanlege opningstider i sommar.

Helsestasjonen i Skodje har berre jordmor tilstades i veke 30.
Jordmor for Skodje og Ørskog har ferie i veke 27, 28, 29 og 34. 

Harøy helsestasjon

Feriestengt i veke 30, 31 og 32. Ved behov for å snakka med helsesjukepleiar i denne perioden kan du ringa tlf. 48131964 i veke 30 og 31, og tlf. 91638866 i veke 32.

Jordmor har ferie i veke 30, 31 og 32. Ved behov for å snakka med jordmor i denne perioden, kan du ringa 48198290.

Haramsøy helsestasjon

Feriestengd i veke 27, 28, 29 og 30.

Vatne helsestasjon

Stengd i veke 29, 30 og 31.

Brattvåg helsestasjon

Helsestasjonen er open heile sommaren og tar imot førespurnader frå brukarar av Haramsøy, Vatne og Lepsøy helsestasjon når desse stasjonane er stengde. Ved behov for å snakka med helsesjukepleiar/jordmor, så kan dei ta kontakt på tlf. 70 20 75 00.

Til toppen