Møt tilsette

Sjukepleiar

Klikk for stort bileteAnette Opstad jobbar som sjukepleiar i heimesjukepleie for ytre bydel, og på jobb er kvardagen aldri lik.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg har jobba som sjukepleiar i Heimesjukepleie ytre bydel i 5 år. Eg trivst godt og det er ein jobb med varierte oppgåver. Det er hyggelig å gå heim til pasientar og brukarar. Du får god kontakt med menneskjer, og møter forskjellige folk. Det er òg spennande med ny teknologi som vi må lære oss å ta i bruk.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Bachelor i sjukepleie.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Frå morgonen så drar eg ut og hjelper brukarar heime, slik at dei får starta dagen sin. Vi har fordelt oppgåvene og brukarane på forskjellige arbeidslister. Som sjukepleiar har ein mange oppgåver slik som for eksempel å administrere medisinar for pasienten, skrive tiltaksplanar, og andre oppgåver som krev at ein er inne på eit kontor. Eg samarbeider med lege, sjukehus, fysioterapeut og ergoterapeut, sosialkontor, etc. Det er ofte brukaren sitt hjelpebehov som bestemmer kven vi samarbeider med.

Det som er kjekt med å jobbe i heimesjukepleie er at det er varierte oppgåver. Ein dag er ikkje den same som neste. Det blir aldri kjedeleg. Og sjølv om ein jobbar aleine ute hos brukaren så er ein aldri aleine likevel. Det er gode kollegaer å få støtte med, og gode team å jobbe saman med.

Kva er utfordringane med jobben din?

Det er ofte endringar og nye rutinar, og det kan vere krevjande at nye ting må lærast fort. Det gjeld nye behandlingsmetodar eller at vi plutselig får ein pasient heim med ei ny og ukjent sjukepleieprosedyre. Eg tenkjer ofte at i heimesjukepleie må ein kunne litt av alt, og ein må vere forberedt på at ein må lære seg ting fort. Da er det godt å kunne samarbeide med andre, og ha gode kollegaer å støtte seg til. Sjukehuset er òg god å ha så nær om ein treng opplæring i nye eller ukjente prosedyrar.  Det kan òg vere utfordrande å skulle utføre prosedyrar og stell heime, og ikkje ha tilrettelagt med utstyr slik som i ein institusjon. Ein må være kreativ og nytenkjande.

Til toppen