Møt tilsette

Rådgivar

Klikk for stort bileteMarius Thomassen jobbar i Ressursbasen og er eigentleg lærar. Han valte jobben for å gjere ein forskjell for barna.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg jobbar i grunnskuleteamet som er ein del av Ressursbasen.

Kvifor valte du yrket ditt?

Fordi eg ynskjer å vere med på å gjere ein forskjell. Eg har ofte både møtt på og høyrt om grunnskuleteamet i mitt virke som lærar i kommunen.

Eg ynskja meg òg ein jobb der eg får brukt kompetansen min på autisme i større grad enn det eg gjorde som lærar.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

1,5 år som lærar på Åse skole.

1,5 år som miljøterapeut i verksemd Arbeid og sysselsetting og verksemd Bo- og miljøtenester.

3 år som lærar på Godøy skole.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Anten lærarutdanning med fordjupning i spes.ped av eit eller anna slag, barnevernspedagog, vernepleiar e.l.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Eit tverrfagleg og profesjonelt kollegium på Ressursbasen. Her er vi omgitt av ja- menneskjer som samarbeider tett for å løyse dei sakane vi jobbar med.

Varierte arbeidsdagar og mengder av kjekke elevar og tilsette rundt omkring på dei forskjellige skulane eg er innom. Fridommen og fleksibiliteten til å kunne ta med seg elevar ut av skulen og gjere meiningsfulle og spennande aktivitetar saman.

Men det beste av alt er når vi har fått til å gjere ein forskjell for barna, skulane og føresette.

Kva er utfordringane med jobben din?

Tid! Til å rekke over alt. Behovet er tidvis større enn kapasiteten, og det er frustrerande å ikkje kunne hjelpe alle som treng det når dei treng det.

Til toppen