Møt tilsette

Økonom

Klikk for stort bileteChristoffer Wennersberg er flink med tal og jobbar derfor som verksemdskontakt for skule og annan undervisning i kommunen.  

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg er rådgjever på verksemdstyring, kor mykje av tida går til budsjettarbeid og budsjettkontrollar. I tillegg skal eg rådgjeve og bistå kommunalområder med analyser og strategi. Jobben inneberer mange ulike oppgåver, og til sjuande og sist er arbeidsdagen veldig variert, sidan det dukkar opp nye ting heile tida.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg valte å bli økonom rett og slett fordi eg finn det interessant og spennande. I tillegg var eg flinkare med tall enn språk på skulen, og da enda eg fort opp i den retninga. Ein trives best med å gjer det ein er flink til.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Eg er jo ganske fersk. Eg var ferdig utdanna våren 2015 og jobba ein liten periode i Skatteetaten før eg starta her i 2017. Og da starta eg i eit vikariat og fikk heldigvis fort tilbod om fast jobb.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Ei økonomiutdanning er ein god start. Ein treng god tall- og regnskapsforståing, samtidig som ein må kunne tileigne seg ny kunnskap underveis da det stadig dukkar opp noko nytt. Forståinga av det offentlege er òg viktig, det er ein ganske kompleks dynamikk på korleis ein kommune fungerer kontra ei ordinær bedrift.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

At arbeidsdagen er så variert som den er synes eg er kjekt. Ein skulle kanskje ikkje tru det, økonomi og rekneskap liksom kva er variert med det, men det er faktisk nye tall heile tida. I tillegg har vi eit veldig godt arbeidsmiljø her, og det er viktig på ein arbeidsplass.

Kva er utfordringane med jobben din?

Utfordringa føler eg ofte er å ha nok tid til alt eg skal gjer. Under ein budsjettkontroll f.eks. skal det gjerne skje veldig mykje på veldig kort tid. Og da er det ikkje det alltid så lett å finne nok tid til å hjelpe kvar enkelt så mykje som ein burde.
 

Til toppen