Jurist

Jurist

Christine Skarbø Berglund er jurist, jobbar som rådgivar i innkjøpsavdelinga og brenn for viktigheita av å følgje regelverket.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg er jurist og tilsett i Konserninnkjøp, òg kjent som innkjøpsavdelinga. Her jobbar eg med planlegging, gjennomføring og oppfølging av konkurransar i samsvar til lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Konserninnkjøp skal bidra til å sikre at pengane kommunen brukar på varer, tenester, bygg og anleggsarbeid blir utnytta best muleg, og at vi samtidig bidrar til eit konkurransedyktig næringsliv. Elles består jobben mykje av rådgjeving i innkjøps-sakar frå andre kommunar i Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre (18 kommunar - før kommunesamanslåinga), samt å halde kurs for tilsette om offentlege anskaffingar.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg las ein gong ein morosam påstand om at «Dei som studerer juss er dei som gjekk rundt i barnehagen og sa; det der er ikkje lov!». Eg må vel seie at eg kan kjenne meg godt igjen i den. Eg var vel ganske veslevoksen som barn, og har alltid vore opptatt av å «gjere ting rett». Eg er elles glad i å tolke tekst, samt skrive og formulere tekstar, noko yrket i stor grad består av. Elles er det nok òg det brede spekteret av arbeidsmulegheiter man har som jurist, innanfor mange ulike fagfelt, som var ein bidragsytar til yrkesval.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Jobbreisa min er ennå ikkje så veldig lang. Eg fullførte min master i rettsvitskap våren 2015, og tilrådde i avdeling for Konserninnkjøp august 2015, og her er eg fortsatt. Underveis i utdanninga har eg hatt deltidsjobb innanfor handel.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

For å jobbe med offentlege anskaffingar (innkjøp) kan ein ha ulik utdanning og bakgrunn, ei avdeling med et bredt spekter av kompetanse er nok ei styrke. I vår avdeling sitt vi på ulik kompetanse, erfaring og utdanningsbakgrunn. Vi er i dag to juristar på avdelinga -som begge har master i rettsvitskap (tidlegare cand. jur), og elles har eg kollegaer med utdanning innanfor både økonomi, marknadsføring, logistikk og samfunnsplanlegging. Er ein interessert i offentlege anskaffingar så finst det òg eit eiget årsstudium for dette ved Høgskulen i Molde.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Det beste med jobben må vel heilt klart vere dei kjekke kollegaene mine, og eit godt arbeidsmiljø. Det er elles òg veldig interessant å ha ein jobb i det offentlige kor vi i stor grad òg har dialog/kontakt med det private næringsliv/leverandørmarknaden. Vi skal få best muleg varer og tenester, men vi skal samtidig stille krav til leverandørane, og sikre god og sunn konkurranse i marknaden. Å ha ein tett dialog med marknaden bidrar til at vi heng med i tida og sikrar at vi til kvar ei tid etterspør oppdaterte varer og tenester. Vi er òg avhengig av ein tett dialog med dei fleste fagfelt/verksemder i kommunen for å få informasjon om korleis vi kan dekke deira behov gjennom innkjøp, vi får da eit godt innblikk i mange ulike fagområder. Elles syns eg heilt klart det er veldig kjekt å få synleggjort viktigheita av å følgje regelverket gjennom både rådgjeving og ved å halde kurs. Å prøve å gjere eit komplisert regelverk meir forståeleg for andre er ein veldig kjekk del av jobben min!

Kva er utfordringane med jobben din?

Utfordringane med jobben er nok som i mange andre jobbar; nemlig tida, vi skulle gjerne hatt fleire timar i døgnet. Spesielt no med overgangen til nye Ålesund kommune. Det er mykje som skal på plass til 1.januar 2020. Samtidig er det på mange måtar òg veldig morosamt når det er mykje som skjer!

Til toppen