Jobb i barnehage
Som tilsett i barnehage, må ein kunne legge til rette for barna si oppleving, erfaring, leik og læring. Å ivareta barna sine behov og påverke oppvekstvilkåra deira positivt, stiller store krav til kompetanse og kunnskapar om barn.
Arbeidet i ein barnehage byr på varierte arbeidsoppgåver- og dagar - og mykje glede.
Jobb i skulen
I skulen brukar dei tilsette varierte pedagogiske metodar avhengig av elevane sine føresetnader og eigenart på fag. Undervisninga blir planlagt i fellesskap med kollegaer, heimane og elevane.
Eigenskapar:
Skal ein jobbe innanfor desse verksemdene er det viktig at ein er aktiv, glad i menneske, tålmodig og kan stille krav og gi utfordringar slik at barna får tru på seg sjølv.
Eksempel på yrke:
- Rektor
- Lærar
- Lærarassistent
- Barnehagestyrar
- Førskulelærar
- Barne- og ungdomsarbeidar
- SFO- assistent