Arbeidsområde

Miljø, by- og stadutvikling

Dei tekniske verksemdene har sine hovudoppgåver innan planlegging, utbygging, drifting og vedlikehald av tekniske anlegg og tenester i kommunen.

Dette inkluderer verksemdene:

  • Vatn, avløp og renovasjon (VAR)
  • Veg, anlegg og park (VAP)
  • Plan
  • Kart/ geodata, oppmåling og grunnverv

I tillegg har kommunalområdet ei rekke oppgåver med grenseflater mot oppgåvene til andre kommunal- og stabsområde, særleg:

  • Ålesund eigedomsselskap KF
  • Ålesund brannvesen KF
  • Årim IKS
  • Bingsa Næring AS
  • Ålesund parkering AS

Forvaltninga av dei tekniske tenestene er ei spennande og utfordrande oppgåve, da desse tenestene ofte er samfunnskritiske og må derfor tilfredstille strenge krav til kvalitet og sikkerheit. I tillegg skal utviklinga av tenestene gå føre seg på ein mest muleg miljøvennlig måte innanfor eit område med rask teknologisk utvikling.

Relevant utdanning:

Relevante utdanningsbakgrunnar innan tekniske verksemder er bygg og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, arkitektur, eigedomsutvikling og forvaltning, fysisk planlegging og prosjektleiing.

Til toppen