Kultur er meir enn berre kino og teater! Verksemder som yter tenester innan kultur har ansvar for å legge til rette for varierte aktivitets- og fritidstilbod til alle innbyggarar, unge som eldre.
Tenestene spenner frå undervisning og utføring innan musikk, teater og kunst, til drifting av kommunale kultur- og idrettsarenaer, aktivisering av ungdom og utvikling av nye kulturtilbod.
Eigenskapar:
Arbeid innan kultur krev ofte at ein er open og omgjengeleg, kreativ, energisk og har gode kommunikasjonsevner. Her får ein jobbe med mange forskjellige typar menneske og delta i ulike kulturprosjekt.
Eksempel på yrke:
- Kulturkonsulent
- Teaterinstruktør
- Musikklærar
- Klubbarbeidar på fritidsklubbar
- Tilsynsvakt på idrettsanlegg
- Bibliotekar
- Billettør