Kommunedirektøren sin fagstab
Kommunen skal yte ei rekke tenester av høg kvalitet til alle innbyggarane. Ein effektiv administrasjon er viktig for å nå dette målet. Kommunedirektøren blir difor støtta av stabsområde.
Stabane består av:
- Økonomi og verksemdsstyring
- Personal og organisasjon
- Teknologi og innovasjon
- Strategi, samfunn og næringsutvikling
- Kommunikasjon og trykkeri
- Kommuneadvokat
- Politisk sekretariat
Oppgåvene innanfor dette området er derfor veldig varierte og spenner over eit vidt fagfelt. Relevante utdanningsbakgrunnar er m.a. økonomi, administrasjon og leiing (òg med kommunalt fokus), personalleiing/HR, IT, statsvitskap, medievitskap.