Koronavirus

Serveringsstader

Serveringsstader

Regjeringa kom 5. november med nye råd og føringar for utelivsbransjen. Dei nye reglane vert sett i verk frå natt til laurdag 7. november. Då vert det innført nasjonal skjenkestopp klokka 24.00.  Serveringsstader med skjenkebevilling kan ikkje sleppe inn nye gjestar etter klokka. 22.00.

Ein minner òg om at  det framleis er krav om bordservering av alkohol på arrangement. Det er det same kravet som òg gjeld for serveringsstader. 

Registrering av gjestar

Ålesund kommune minner om at vi framleis har korona-restriksjonar for serveringsstadar og utestadar, som restaurant, kafe, bar og pub, og at desse kan halde ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg.

Smittevernfagleg forsvarleg drift inneber at serveringsstaden skal sørge for at gjestar og tilsette kan halde minst 1 meter avstand til personar i annan husstand, at den har utarbeidd rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane vert haldne.

Ålesund kommune minner igjen om at:

  • Serveringsstadar som har skjenkebevilling skal registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykkjer til det. Det er tilstrekkeleg å registrere opplysningane til éin person i kvar gruppe. Serveringsstaden skal likevel oppfordre til at flest mogeleg oppgir kontaktopplysningar. Sjå nærare opplysningar om dette i vår e-post datert 30.09.2020.
  • Kravet om bordservering gjeld framleis. Dette innber at ved serveringsstadar som har skjenkebevilling, skal servering av alkohol skje ved bordservering (om ikkje anna er avtalt med kommunen), og det skal være sitjeplassar til alle gjestar.
  • Kravet til avstand gjeld framleis. Serveringsstaden skal sørge for at det er minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane når gjestane kjem og at det skal takast omsyn til dette ved bestilling av bord. Medlemmer i same husstand kan sitje nærare kvarandre. Serveringsstaden skal setje i verk tiltak for å minne besøkande om at dei bør halde avstand til andre enn husstandsmedlemmer.
  • Serveringsstadar og utestadar skal ha utarbeidd rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane skal haldast.

For meir informasjon om reglar for registrering kan du lese på Helsedirektoratet sine nettsider  

Formålet med frivillig registrering av kontaktopplysningar er å lette arbeidet med smittesporing dersom ein gjest får påvist covid-19 etter besøket. 

Datatilsynet gir rettleiing om korleis personvernregelverket skal forståast, og har publisert ein artikkel om besøksregistrering og smittesporing (datatilsynet.no). Der fins informasjon om kva personvernreglar som gjeld for slik registrering.

  • Registrering av kontaktopplysningar er frivillig for gjestane og dei kan vitje serveringsstaden utan å registrere kontaktinformasjonen sin. 
  • Det vil normalt vere tilstrekkeleg å registrere namn, kontaktinformasjon og tidsrommet gjestane var i lokalet.
  • Opplysningane må oppbevarast på ein forsvarleg måte og slettast etter 10 dagar. 
  • Kontaktopplysningane kan berre brukast for å hjelpe kommunelegen ved smitteoppsporing etter smittevernlova § 3-6. Det er kommunelegen som skal drive smitteoppsporing, og ikkje serveringsstaden.
  • Registrering av kontaktinformasjon til gjestane erstattar ikkje krava om god handhygiene, og om at gjester og tilsette skal kunne halde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i same husstand ved besøk på serveringsstader.

Smittevern

Smittevernfaglig forsvarleg drift inneber at verksemda skal syte for at besøkande og personell kan halda minst ein meters avstand til personar i annan husstand, at den har utarbeidd rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane blir overhaldne.

  • Ved alle serveringstader, også dei som har skjenkebevilling, skal servering skje kun ved bordservering, og det skal vere sitjeplassar til alle gjester. Bar eller disk skal ikkje nyttast til bestilling, servering eller betaling. 
  • Kommunen kan forby skjenking av alkohol etter smittevernlova § 4-1.

Her er dei nye råda for servering av buffet frå 15. juli.

Servering ved bord

Alle gjester skal sitje ved bord der dei kan setje frå seg mat og drikke. Gjester bør ikkje reise seg for å bestille, hente eller betale for mat og drikke i bar eller ved disk. Dette gjeld både for servering inne og ute. 

Tilsette kan ta imot bestilling, servere og ta betalt for mat og drikke ved bordet, så lenge det ikkje er fysisk kontakt med gjesten. Den tilsette må avgrense tida han eller ho oppheld seg nærare enn éin meter frå gjestane til et minimum.

Grunngjeving
Nasjonale føringar er at risikoen for smitte aukar med tida ein er saman og di mindre avstanden mellom personar er. Den nasjonale forskrifta definerer nærkontakt til å vere kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt.

Bordservering vil kunne legge til rette for at det er mogeleg å servere mat og drikke til personar som sit, og som anten har et bord eller ein disk framfor seg til å setje frå seg mat og drikke. Det er lettare å legge til rette for at bord og stolar har to meters avstand. Det er også i slike settingar at personar vil opphalde seg i lenger enn i 15 minutt. Andre situasjonar med nærkontakt vil då venteleg skje i kortare tid, som ved toalettbesøk, inn og utgang, med meir.

Ålesund kommune vil gjennomføre rettleiande kontroller og skjenkekontroll for å sjå til at krav til hygiene og avstand vert etterlevd. 

Les råda frå Mattilsynet til næringsmiddelverksemder. 

Til toppen