Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Veterankontakt

Veterankontakt

Kven er veteranar?

Veteranar er norske statsborgarar som har deltatt eller deltar i fredsbevarande, fredsopprettande eller statsbyggande innsats i andre land frå utanriks-, justis- og/eller forsvarssektoren.

Veterankontakt i kommunen

Veterankontakten skal bidra til å lette tilgangen til offentlege tenester for veteranane og deira familiar og vere en inngangsportal til kommunen sine tilbod. Samtidig skal kontakten vere ein ressurs for kommunen sine tilsette og kunne lette samarbeidet mellom ulike kommunar, og med frivillige organisasjonar.

Veterankontakt for Ålesund kommune, rådgivar Lisbeth Slyngstad, finn du i Ålesund rådhus

Kontortelefon: 480 67 280 / lisbeth.slyngstad@alesund.kommune.no

Forsvaret si veteranteneste (FVT)

Forsvarets opne dør for veteranar og veteranfamiliar er der for deg. Både veteranar og veteranfamiliar er velkomne til å sende e-post til veteraner@mil.no eller ringe 800 85 000 – uavhengig av når og kvar tenesta var.

Her møter du eit tverrfagleg team med både militært og sivilt tilsette. Teamet har lang erfaring med å gi råd og rettleiing til veteranar og deira familiar. Dei fleste er også sjølv veteranar frå internasjonale operasjonar

Aktuelle lenker:

NVIO - Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (lokalavdeling Sunnmøre)

Forsvarets veteransenter

Til toppen