PårørandekoordinatorDei aller fleste er pårørande ein eller annan gong i løpet av livet. Mange klarer seg utan hjelp frå det offentlege, men for nokre kan det vere vanskeleg å orientere seg om tilbod og tenester. Andre har behov for emosjonell støtte i ein krevjande situasjon og kan ha nytte av støttesamtalar og å få hjelp til å sortere tankar og følelsar. Kva gjer ein pårørandekoordinator? Pårørandekoordinator bidrar til å utvikle og styrke kommunen sin pårørandeomsorg gjennom: Identifisering og kartlegging av pårørande sine behov. Informasjonsarbeid rundt pårørande sine behov internt og eksternt. Oversikt over tilbod og tenester retta mot pårørande. Representasjon av kommunen i ulike fora. Bidrag i utviklingsarbeid retta mot pårørande Undervisning, rettleiing og kompetanseheving til tilsette i kommunen. Barn som pårørande Kurs, grupper Meistringskurs for etterlatne Korleis kan pårørandekoordinatoren hjelpe? Pårørandekoordinator er ein ressurs for kommunen sine tilsette, pårørandeorganisasjonar, frivillige og andre samarbeidspartar. Kontakt Pårørandekoordinator: Merete Brungot Kløvning, tlf. 480 91 554 Pårørandekoordinator på Facebook Sist endra22.12.2020 11.05