Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Kreftkoordinator

Kreftkoordinator

Å bli ramma av kreft kan vere tøft. Mange slit med sorg, kriser, ulike spørsmål og bekymringar rundt behandling, økonomi, nettverk, jobb og familie. Ålesund kommune har kreftkoordinatorar som har som oppgåve å betre kvardagen til kreftsjuke og deira pårørande.

Koordinatoren sine oppgåver

Kreftpasientar må halde seg til mange ulike instansar. Ei kreftdiagnose får stor innverknad på kvardagen, både for den som er råka, og dei som står den sjuke nær. Kreftkoordinator skal vere rådgjevar og rettleiar for kreftråka gjennom ulike fasar.

Kreftråka som ikkje får heimesjukepleie, eller anna form for pleie- og omsorgshjelp i kommunen, er ei gruppe som i mange tilfelle blir åleine gjennom behandlingsforløpet. Kreftkoordinator vil ha eit spesielt fokus på denne gruppa. Barn som pårørande er også ei sårbar gruppe som det må rettast spesiell merksemd mot.

I samarbeid med anna kreftomsorga i kommunen, skal kreftkoordinator sikre:

  • Rådgiving og informasjon til befolkninga:
    Førebygging og helseopplysning
  • Heilskapleg omsorg:
    Kreftkoordinator skal vere til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen til kreftramma og deira pårørande.
  • Ei samanhengande teneste der bistand og oppfølging frå ulike etatar er samkøyrde:
    Kreftkoordinator skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunen.
  • God kompetanse blant helsepersonell som arbeider med kreftomsorg:
    Kreftkoordinator skal bistå med undervisning, rettleiing, refleksjon.

Kreftkoordinator kan bidra med:

  • Samtalar, råd og rettleiing til pasientar og pårørande
  • Oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Førebyggande tiltak og opplysning om kreft
  • Sorgarbeid og oppfølging av etterlatne
  • Undervisning, råd og rettleiing til helsepersonell

Kontakt

Pasienta, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Vi er tilgjengelig på dagtid, måndag til fredag kl. 08.30 - 15.30.

Grete Myklebust Gjesdal
Telefon: 409 24 712 / 70 16 20 00
E-post: grete.iren.myklebust.gjesdal@alesund.kommune.no

Rosalind Kobbevik
Telefon: 47515037 / 70162000
E-post: Rosalind.k.kobbevik@alesund.kommune.no

Til toppen