Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Førebyggande heimebesøk (75+)

Førebyggande heimebesøk 75+

Geriatriske sjukepleiarar tilbyr heimebesøk og samtale til deg som er 75 år eller eldre og som ikkje mottar helse- og omsorgstenester frå kommunen. Dei kan også tilby andre tiltak og gi informasjon.

Kva skjer i heimebesøket?

Gjennom førebyggande heimebesøk ønsker vi å styrke dine moglegheiter til å bu trygt heime lengst mogleg og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.

Tema i samtalen med ein geriatrisk sjukepleiar er tilpassa deg og dine behov, og kan for eksempel vere:

  • Tilbod og aktivitetar i Ålesund kommune
  • Kvardagsliv og sosialt nettverk
  • Eigne ressursar og meistring
  • Fysisk aktivitet
  • Kosthald
  • Tryggheit i heimen
  • Buforhold
  • Hjelpemiddel

Vi som kjem på heimebesøk er geriatriske sjukepleiarar. Som helsepersonell har vi teieplikt.

Kvifor heimebesøk?

Du som no er frisk og greier deg utan hjelp, kan få råd og tips som kan komme til nytte i framtida. Ved behov for tenester eller hjelpemiddel kan vi hjelpe til i søknadsprosessen.

Du kan også gi oss innspel til korleis kommunen kan vidareutvikle helsefremmande tiltak.

Pris

Dette er et lavterskeltilbod til heimebuande eldre og pårørande.

Tilbodet er gratis.

Vil du vite meir?

Både seniorar og pårørande kan ta kontakt dersom dei har spørsmål. Geriatrisk sjukepleiar tar sjølv kontakt med personar over 75 år.

Til toppen