Tvangstiltak overfor personar med rusmiddelmisbruk

I Ålesund kommune er det oppfølgingstenestene for rus/ROP som har ansvar for saksbehandling som gjeld tvangstiltak for personar med rusmiddelvanskar.

Korleis arbeider vi?

Saksbehandlinga blir gjort i samarbeid med kommuneadvokat og bistandsteam ved spesialisthelsetenesta TSB (Tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidingar).

I vårt arbeid følger vi alltid Helse- og omsorgstenestelova kapittel 10: Tvangstiltak mot personar med rusiddelmisbruk, samt dei prosedyrane for saksbehandling som er lagt til grunn i Helsedirektoratet sin «Rettleiar om tvangstiltak mot personar med rusmiddelproblem». 

Dersom vilkåra i lova er oppfylt, gir denne løyve til:

  • §10-2; tilbakehald i institusjon utan eige samtykke
  • §10-3; tilbakehald av gravide rusmiddelavhengige
  • §10-4; tilbakehald på bakgrunn av eige samtykke

Bekymringsmelding og oppretting av sakar

Når ein vurderar at det er nødvendig å gjere undersøkingar for å kartlegge om det er grunnlag for å sette i verk tvangstiltak, vert det oppretta sak. 

Mange sakar blir også oppretta etter melding frå pårørande eller andre, om bekymring for personar som treng bistand og oppfølging.

Korleis kontakte oss?

Oppfølgingstenestar for rus/ROP har to avdelingar:

Avd. Nordre – geografisk område som omfattar gamle Skodje, Sandøy og Ørskog

Avd. Sentrum (gamle Ålesund):

Avdelingsleiarane er tilgjengelege måndag – fredag kl. 08.00-16.00.

Er det vurdert til å vere ein akuttsituasjon utover tida der avdelingsleiarane er tilgjengelege, må ein kontakte legevakt og/eller politi. Ring 113.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med avdelingsleiarane per e-post, eller med Tildelingskontoret på telefon 70 16 22 00.

Ansvarleg for tenesta