Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Rusrehabilitering

Rusrehabilitering

Er du ein av dei som har vore eller skal i rusbehandling og som har behov for langtidsrehabilitering på inntil 3 år?

Rusrehabilitering er eit tiltak for personar med rusavhengigheit og ROP-lidingar (samtidig rusavhengigheit og psykiske lidingar). Du har gjennomført rusbehandling i TSB (Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem) og har behov for døgnbemanna rehabiliteringsplass i inntil 3 år.

Rehabiliteringsbustader

Ålesund Rehabiliteringsbustader Rus/ROP er eit rusfritt døgnbemanna tilbod:

  • 12 leilegheiter
  • Fellesareal med tv-stue, biljard, bordtennis, data.
  • Ligg nær turområde
  • Ligg i bydelen Hessa, ca. 3 km vest for bykjerna i Ålesund kommune

Miljøterapeutane våre bistår med å utarbeide din eigen individuelle plan og hjelper deg med målretta miljøterapeutisk oppfølging så lenge du er i rehabilitering i Ålesund Rehabiliteringsbustader Rus/ROP.

Ettervern

Når du flyttar ut i eigen bolig etter endt rehabilitering, kan du motta ettervern frå medarbeidarane i ein periode.
 Søk om tilrettelagt bustad  

Kontakttelefon

Du kan óg ta kontakt for nærare informasjon om tiltaket til avdelingsleiar, mobil 97596206.

Til toppen